Hopp til innhold

Treng ikkje lenger uroe seg for stenging

Smelteverksemda Elkem i Bremanger frykta lenge at ein enorm auke i nettleiga ville bety kroken på døra for dei.

Elkem Bremanger, Svelgen

HAR VORE UROA: Den enorme kraftutbygginga har ført til at bedrifter som Elkem i Svelgen har frykta enorm auke i nettleigepris.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Bakgrunnen var den massive utbygginga av kraftnettet i Sogn og Fjordane kunne føre til ei auke i nettleiga med så mykje som ti øre per kilowattime. Det ville kosta Elkem i Svelgen så mykje som 70 millionar kroner i året.

Regjeringa har no handsama endringar i energilova for å unngå dette. I ein ny proposisjon for Stortinget føreslår regjeringa å dele straumnettet i to, eit såkalla transmisjonsnett og eit distribusjonsnett. Elkem og mange andre bedrifter hamnar under transmisjonsnettet, som betyr få endringar.

Med todelinga ønskjer regjeringa eit strengare skilje mellom nettselskap, dei som eig kraftlinjene og har monopol i sitt geografiske område, og anna verksemd. Det nye skiljet betyr at bedrifter som Elkem kan halde fram med den same tariffen som dei har i dag.

Slepp unna dyre summar

– Dette er svært viktig for mange verksemder som i dag er på sentralnettet og har denne tariffen, skriv stortingspolitikarane Bjørn Lødemel (H), Sveinung Rotevatn (V), Oskar Grimstad (Frp) og Rigmor Andersen Eide (KrF) i ei pressmelding.

For dersom Elkem og andre bedrifter hadde hamna under ein annan tariff enn dei er i dag, ville det ha kosta dei enorme summar. Men om Stortinget er samd med regjeringa vil det likevel ikkje bli store endringar for desse.

– Det som tidlegare var sentralnett blir transmisjonsnett, og dermed legg regjeringa til grunn at det ikkje blir omfattande endringar for desse verksemdene. Stortinget vil no få denne saka til handsaming, og det blir teke ei endeleg avgjerd der, skriv politikarane.

– Har merka oss uroa

– Dette er ein gledens dag. Regjeringa føreslår å endre energilova om selskapsmessig og funksjonelt skilje slik at Elkem Bremanger kan halde fram med å vere i det som i dag er sentralnettet, seier Lødemel.

Også Rotevatn er godt nøgd med proposisjonen frå regjeringa.

– Vi har merka oss uroa som har vore i Bremanger, og er veldig glade for å ha kome i mål med eit nytt lovverk som sikrar framleis industriutvikling i regionen. Dette er ei viktig og klok avgjerd, seier han.