Hopp til innhold

Treng fred frå innpåslitne damer

Dette året har Kjartan Lauritzen verkeleg fått oppleve korleis det er å vere kjendis. I sin nyaste låt kjem han med ei bøn om å få vere i fred når han er på byen med kompisane.

Kjartan Lauritzen

HØGDEPUNKT: Ein av dei største opplevingane for Kjartan Lauritzen i 2018, var då han spelte avslutningskonserten på Malakoff.

Foto: Tone Lin Støfring Skovro / NRK

– Det er nesten ubeskriveleg. Det har berre vore ein stor fest heile greia. Eg er nesten blitt lei av å feste etter 2018.

Det seier Per Áki Sigurdson Kvikne, betre kjent som artisten Kjartan Lauritzen.

22-åringen frå Balestrand har lagt bak seg eit utruleg år. Han spelte mellom anna avslutningskonserten på Malakoff og vart nominert til årets liveartist under P3-gull.

Men no vil han altså vere i fred, i alle fall om ein skal tru låten som kjem på fredag. «La meg være i fred» heiter den.

– Den skal jo vere litt morosam, så eg håpar den ikkje verkar for seriøs. Men den handlar om verkelegheita og at nokon folk oppfører seg som idiotar.

Vil ha selfie med Kjartan

For han har opplevd mykje fans som er litt for pågåande, når han er ute med vener og helst berre vil vere «Per Áki».

– Når eg er ute med mine vennane mine så vil eg vere med dei og ikkje med «dame 24 frå Bergen» som kjem og kyssar meg på kinnet, hyler meg inn i øret og vil ta ein selfie med meg.

Som oftast er storebror Theodor Sigurdsson Kvikne med. Han er også DJ for Kjartan Lauritzen. Han skjønar godt at det kan vere slitsamt med all merksemda.

– Det er jo ikkje noko problem at folk kjem bort og spør fint om å få ta bilde. Men når dei kjem og brøytar seg inn i ein samtale og stikk eit kamera opp i trynet på han, så er det klart han blir lei av det.

Fekk fred og ro på «palass» i Hellas

Den nye låten vart til på ein gutetur i Hellas. Med all reisinga det siste året, trengde han litt fred og ro for å skrive nye låtar.

– Det var viktig for meg, det har vore eit veldig hektisk år. Eg trengde ny musikk, så vi måtte berre reise til ei anna verd og lage noko.

I eit stort hus, som brørne omtalar som eit palass, utanfor Athen, vart åtte nye låtar til. Akkurat når dei skal sleppast er ikkje sikkert. Men neste fredag kjem den første, då speler dei også årets første konsert i København.

– Så blir det ein ny festivalsommar med ny musikk, seier Kvikne.

Kjartan Lauritzen på Trevarefest 2018

NORGE PÅ LANGS: I sommar spelte Kjartan Lauritzen på Trevarefest i Svolvær.

Foto: Jonathan Vivaas Kise