Hopp til innhold

Treng fleire historier til Klart eg kan

«Klart eg kan» leitar etter nye historier med engasjerte born og spennande prosjekt.

Klart eg kan

ULIKE HISTORIER: Til no har Klart eg kan følgt 84 born som har meistra ulike ting. Betty (7) fekk mellom anna mykje å gjere når hunden hennar fekk kvalpar.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

Sesong 7 av dokumentarserien “Klart eg kan” rullar og går i desse dagar på NRK Super. Historiene om born som gjer noko dei vil eller håpar å få til, fenger born og vaksne over heile landet.

No er NRK i gong med å lage ein ny sesong og treng difor tips om nye born til serien.

Paola-Klart eg kan

AKTIVE BORN: Paola (7) likar å sykle og får prøve seg på stisykling.

Foto: Stine Kyrkjebø Johansen / NRK

Kvardagslege historier

Episodane fortel om born som viser meistring på ulike måtar der andre born lett kan kjenne seg att. Tema er ofte kvardagsleg, men spenninga er likevel til stades når hovudpersonen skal gjere noko for første gong.

Til no har det blitt laga 84 episodar, dei fleste av dei med born ifrå Sogn og Fjordane.

Klart eg kan - Tobias Østerbø

MED PAPPA PÅ JAKT: Tobias (8) fekk vere med far sin på jakt i sesong 7 av Klart eg kan.

Foto: Ole André Rekkedal / NRK

Har du eit tips?

NRK ønskjer tips om fleire modige born som seier klart eg kan. Dei må vere mellom 4–8 år og ha eit prosjekt, eit ønske om få til noko eller eit mål dei vil nå. Det kan også vere at dei må gjere noko dei helst ikkje vil, men likevel må gjere.

Det kan vere alt frå å byggje hytte i tre, lære seg kule triks på ski eller å gå gjennom ei behandling på sjukehus. Serien vil også spegla meir av mangfaldet blant born.

Har du tips til born som skal gjere noko nytt, spennande eller kjekt?
Tips oss på sf@nrk.no og merk med Klart eg kan.

Klart eg kan vert glade for alle tips vi får inn.