Hopp til innhold

Treng fire milliardar til vegane

Fylkesvegane i Sogn og Fjordane er i så dårleg stand at det trengs 4 milliardar kroner - berre til reparasjonar.

Fylkesveg 13, Gaularfjell

HUMPETE: Teleskader, dårleg asfalt og anna forfall. Fylkesvegane skrik etter opprusting. Her frå ein vinterkledd fylkesveg 13 over Gaularfjell.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

– Vi har over fleire tiår latt vegnettet vårt forfalle. Vi har brukt for lite pengar på vedlikehald på både riks- og fylkesvegane, seier avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen region vest.

Etaten har no kartlagt heile det norske vegnettet.

Nils Magne Slinde

FORTVILAR: Avdelingsdirektør Nils Magne Slinde i Statens vegvesen.

Foto: NRK

– Berre for fylkesvegane i Sogn og Fjordane snakkar vi om eit etterslep på 4 milliardar kroner. Vi skulle ønskt at vi fekk rusta opp vegnettet vårt slik at vi fekk tilbydd trafikantane våre langt betre forhold, opplyser Slinde.

Fylket tok over i 2010

Fylkeskommunane overtok frå 1. januar 2010 det meste av det gamle riksvegnettet frå staten. I dag er det berre E39, E16, rv 15, rv5 og deler av rv 13 og deler rv 55 (Hella - Lom) som blir finansiert av staten.

– Fylkeskommunen har gitt løyvingar som gjer at vi har vore i stand til å halde forfallet på det nivået det har vore, men det har ikkje vore mogleg å redusere forfallet eller ta att noko av det som var forsømt frå før.

Han seier den største utfordringa er dei mange tunnelane. 2,6 av dei 4 milliardar kronene trengs til tunnelane. Berre Høyangertunnelen åleine vil koste 370 millionar kroner, dersom den skal oppgraderast til riksvegstandard anno 2013.

Tunnelane kostar mest

– Vi må finne ut kva som er akseptabel standard. Rapporten legg opp til ei opprusting av fylkesvegtunnelane til riksvegstandar. Og det er eit sterkt ønske å ha både radio- og mobildekning i tunnelane.

I tillegg til tunnelane, står det på langt nær bra til med resten av vegnettet.

– Vi ser mykje telehiv og teleskade som gjer at vegnettet ikkje er tilfredsstillande for brukarane.

Høyangertunnelen

STÅR TIL FORFALL: Høyangertunnelen treng åleine 370 millionar kroner for å nå moderne riksvegstandar.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ber om pengar frå staten

Avdelingsdirektøren er klar på at det bør komme ei statleg tilskotsordning for vedlikehald av fylkesvegane, på samme måte som rassikring får tilskot.

– Vi er spente på å høyre kva regjeringa og Stortinget meiner om eit slikt forslag. Vi ser at det ikkje er tatt nok høgde for forfallet på fylkesvegnettet. Skal ein få gjort noko med dette i overskueleg framtid, må ein kanskje tenke på tilsvarande måte som ved rassikring, seier Slinde.