Hopp til innhold

Treng du tips i siste liten? Slik gjer du stas på mor

Har du framleis ikkje funne ut korleis du skal gjere stas på mødrene rundt deg? Vi gjer deg mødrene sine eigne tips.

Morsdag

GJER LITT STAS PÅ MOR: Eit heimelaga kort med nokre ord frå barna kan smelte ei kvar mamma sitt hjarte. Toppar du det med frukost på senga og gode klemmar, er sjansen stor for at du gjer mor glad i dag.

Foto: Anne Linn Kumano-Ensby / NRK

Blikkontakt og nokre heilhjarta ord om kva ho betyr i familien, og eit ordentleg takk. Det verkar betre enn all slags ræl frå bensinstasjonen iallfall.

Mor om morsdagsgåve

Søv mor framleis? Då kan du godt la ho få sove litt til. For som du heilt sikkert har fått med deg, så er det morsdag i dag. Spesielt for småbarnsmødrene blir det trekt fram at det å få sove lenge er ei fin «gåve» på ein dag som dette.

Morsdagen er alle mødrer sin eigen heidersdag, og blir feira i land over heile verda. Her i Norge blir dagen feira den andre søndagen i februar, og mange mødrer gler seg til å bli sett litt ekstra pris på i dag.

Men korleis skal ein gjere det? Om du ikkje allereie har kjøpt inn sjokolade, kake eller blomar treng du ikkje fortvile. Vi har fått hjelp av mødrene sjølv, og har sett saman ei liste over gode tips til korleis dei kan bli gjort stas på.

Dette kan du gjere:

  • Server mor kaffi på senga, kanskje også med frukost, i kombinasjon med ein god klem frå ungane.
  • Lat mor få ligge litt lenge frampå. At ho står opp når ho sjølv vil kan vere eit godt alternativ i dag.
  • Ta med mor ut på middag, eller lat ho iallfall sleppe å stå for middagslaginga sjølv i dag.
  • Har de småbarn i huset, gjer ein ekstra innsats og lat mor få sleppe å skifte dei verste bleiene i løpet av dagen.
  • Mange mødrer trekkjer fram at det er ekstra stas med mykje kos frå ungane.
  • Heimelaga gåver frå barna er populært, og her er det framleis tid til å få laga noko. Mange mødrer gler seg stort til å få opne dei heimelaga gåvene som barna har laga i barnehagen og på skulen.

Håpar på ein kaffikopp på senga, og at mor får noko heimelaga søtt etter middag. Verken treng eller ønskjer meg «husfyll.»

Mor om morsdagsgåve
  • Still mor spørsmålet: Kva kan eg gjere for deg i dag? Om du samtidig gir ein varm klem og fortel mor at du er glad i ho blir du heilt sikkert populær.
  • Kan du gjere ein ekstra innsats for å gjere det reint og ryddig i huset, slik at mor slepp å tenkje på det?
  • Mange vil helst sleppe kjøpehysteriet, og set mykje meir pris på ein god middag og ein fotmassasje enn både blomar og kake.

Ingenting er så koseleg som barna sine eigne ord på morsdagskorta.

Mor om gåver på morsdagen

Eg er så heldig at eg har to jenter her, så eg treng ikkje å få nokon ting. Å vere mamma til dei er den største gåva.

Mor om morsdagsgåve
  • Gje mor ein dag utan husarbeid. Lat ho få bruke all si tid og energi på å kose seg saman med barna.
  • Kanskje kan barna lage heimelaga «gåvekort» på ting som å vaske huset, tørke støv, lage middag eller rydde rommet?

Har du lyst å bake noko for å gjere stas på mor kan du finne mange lekre oppskrifter på NRK sine eigne matsider.

Og hugs gjerne på di vaksne mor også, og bestemødrer og svigermor. Kva med å ta ein telefon til bestemor for å fortelje litt om korleis det går med deg og barna? Inviter mor di med ut på lunsj, eller send svigermor ei tekstmelding med ein takk for at ho stilte opp som barnevakt eller laga kake til ei feiring?

Gratulerer med dagen til alle mødrer!