Hopp til innhold

Treng 30 millionar kroner ekstra til rydding etter «Dagmar»

Oppryddinga etter «Dagmar» sine skogherjingar i romjula vil koste 37 millionar kroner.

Orkanskade på skog.

HERJA: Det vil koste 37 millionar kroner å rydde opp etter dei ekstraordinære skadane «Dagmar» gjorde på skogen i Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Foto: Oddleif Løset / NRK

Orkanen «Dagmar» øydela 1,5 millionar kubikkmeter skog då den feia over landet i romjula. Neste fredag kjem statssekretær Harald Oskar Buttedahl for å sjå på skadane i Stryn kommune, som vart verst råka i Sogn og Fjordane.

Sjølv om skadane er verst i aust, gjer bratt terreng og veglause skogsområde situasjonen alvorlegast i vest.

– Kvart fylke får tilskot tilpassa normal situasjon. No er det ikkje normalsituasjon i Sogn og Fjordane og på Sunnmøre, seier styreleiar Ingunn Kjelstad i Sogn og Fjordane Skogeigarlag.

Snarleg avklaring

For å unngå ytterlegare tap og for å få raskare rydda opp i skogsområda, har skogeigarlaget bede Landbruks- og matdepartementet om ekstraordinært tilskot på 30 millionar kroner til Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal.

Her gjorde Dagmar skade på vel ein halv million kubikkmeter skog, til ein verdi av over to milliardar kroner. Departementet ynskjer ikkje å kommentere saka, men Kjelstad håpar på snarleg avklaring.

– Vi har med biologisk nedbrytbart materiale i skogen, som må takast ut så fort som mogleg. Då har vi ikkje meir enn tida og vegen, seier Kjelstad.

(Artikkelen held fram under tabellen)

Oversikt ekstraordinære kostnader etter Dagmar

Tiltak

Sogn og Fjordane

Møre og Romsdal

Sum

Ekstraordinært tilskotsbehov

17,4 mill.

11,7 mill.

29,1 mill.

Drift i bratt terreng

4 mill.

1,8 mill.

5,8 mill.

Andre driftstilskot

0,4 mill

1,5 mill.

1,9 mill.

Detaljplanlegging skogsvegar

0,7 mill.

0,4 mill.

1,1 mill.

Utbygging skogsvegar

13 mill.

10 mill.

23 mill.

Mellomlagring massevirke

1 mill.

0,45 mill.

1,45 mill.

Forynging (kjem i 2013)

1,5 mill.

1 mill.

2,5 mill.

Flyttekostnader eksterne skogsmaskiner

0,2 mill.

0,4 mill.

0,6 mill.

Ekstraordinært informasjonsarbeid

0,3 mill.

0,1 mill.

0,4 mill.

Sum

21,1 mill.

15,7 mill.

36,8 mill.

Prioritering av FM sin ordinære NMSK-pott til skogsveg og anna.

- 3,7 mill.

- 4 mill.

- 7,7 mill.

Ekspander/minimer faktaboks

Verdien halvert

Berre i Sogn og Fjordane vart 300 000 kubikkmeter skog lagt ned. Med ein produksjonsverdi på 4 500 kroner per kubikkmeter, er det ikkje ubetydelege summar for skogeigarane.

Etter orkanen er verdien på skogen nær halvert, men den kan bli lågare.

– Etter kvart som tida går, så vil kvaliteten på virke bli forringa, slik at massevirkeprosenten blir større og då blir den samla verdien lågare, seier Kjelstad.

30 km. ny veg

Skogeigarane i Sogn og Fjordane er i gang med oppryddinga. Mellom anna er tre taubaner og maskiner innleigde frå Austlandet i sving.

Det er også behov for 30 kilometer ny skogsveg for å ta ut den orkanskadde skogen i fjordfylket. Problemet er at vegmidlane for 2012 i dag er knytt opp til skogsvegar i samband til den nye kraftlinja mellom Ørskog og Fardal.

– Det forverrar situasjonen ytterlegare for 2012, og dei vegane vi kanskje har meir bruk for no i samband med orkanen. Det er klart at det påverkar negativt, seier Kjelstad.