Hopp til innhold

Treng 28 millionar til gjenreisinga av Lærdal - berre i år

Kommunestyret i Lærdal vedtok i går planen for gjenreising og utvikling etter storbrannen.

Branntomt og ordførar i Lærdal

VEDTOK: Ordførar Jan Geir Solheim (Sp) og politikarane i Lærdal har vedteke planen for korleis Lærdal skal gjenreisast etter storbrannen i januar.

Foto: montasje / NRK

Planen går fram til 2017, så langt syner utrekningane at dei treng 28 millionar kroner berre i inneverande år. Kva dei neste tre åra er førebels ikkje klart.

– No er det viktig at storsamfunnet følgjer opp alle lovnadane og stiller med pengane vi treng seier ordførar Jan Geir Solheim (Sp).

Hadde lita tid

Han meiner det var svært viktig å få vedtatt planen for gjenreisingsprosjektet så raskt som mogleg.

– Det er viktig på mange måtar. For å få forankra dette og få dei rette vedtaka nasjonalt så er vi avhengige å komme inn i revidert nasjonalbudsjett. Vi hadde nokre tidsfristar, forklarer ordføraren.

Natt til 19. januar herja ein av dei mest øydeleggjande brannane i norsk etterkrigstid i Lærdal. Berre oske og grunnmurar står att etter 40 bygningar. 17 av dei var bustadar for om lag 70 personar. Gjenreisingsplanen går no fram til 2017.

Forventar statlege hjelp

Kommunen har altså komme fram til eit reknestykke for kva arbeidet vil koste i år, kva kostnaden totalt blir er uråd å seie i dag seier Solheim.

(Artikkelen held fram under biletgalleriet)

– Det er veldig vanskeleg å seie kva konsekvensane blir i 2015 og 2016. Men vi kan seie ganske sikkert at med dei planane vi har lagt, så vil det koste ca 28–29 millionar i 2014.

– Når de no har vedteke planen, når ser de føre dykk at det er ferdige med sjølve gjenreisinga i Lærdal sentrum?

– Viss vi får gjennomslag for alt vi har lagt inn i planen, så kan eg ikkje seie kor vidt vi er ferdige før ved utgangen av 2016 eller 2017. Det som er viktig at med fleire av vedtaka som no er gjort i kommunestyret blir det mogleg å byrje gjenreisinga av dei totalt nedbrende husa raskare enn vi hadde trudd frå før.

– Kva forventningar har de til dei statlege styresmaktene no når de har gjort dykkar vedtak i kommunestyret?

– Vi forventar at no følgjer det pengar med orda!