NRK Meny
Normal

Vil ha 1,1 milliardar frå fylkeskommunen til bru i ytre Nordfjord

Kystvegen Måløy-Florø AS treng 1,1 milliardar kroner frå fylkeskommunen for å gjennomføre planane om bru over Tongane-Biskjelneset i ytre Nordfjord.

Forslag til hengebru mellom Bemanger og Vågsøy på Kystvegen

NYTT HÅP: Dette framlegget til hengebru mellom Bremanger og Vågsøy på Kystvegen er eit steg nærare, skal ein tru ei fersk analyse.

Foto: Skisse: Ingeniørfirmaet Aas-Jakobsen

Sivilingeniør Helge Hopen AS har på oppdrag frå kystvegen Måløy-Florø AS gjort ein trafikk- og finansieringsanalyse av ei ny veg mellom Måløy og Florø.
Konklusjonen vart presentert på kommunestyremøta i Bremanger og Vågsøy torsdag.

– Den første biten stadfesta tidlegare utrekningar av bompengegrunnlag og finansieringsmoglegheiter for ei vegutbetring. Her er det for så vidt ingen nye konklusjonar, seier Hopen.

Konklusjonane her samsvarte med dei resultata som ein fekk for fire år sidan.

Treng mykje bompengefinansiering

Det nye er trafikkvurderingane på ei ferjefri løysing.

– Der er det komme fram tal som indikerer at det prosjektet er mogleg å gjennomføre med ein solid del brukarfinansiering, altså bompengefinansiering, føresett ein del premissar på finansieringa når det gjeld innsparte ferjetilskot, momskompensasjon og andre element, seier Hopen.

Det ligg før eit forprosjekt der det er rekna på ei hengebruløysing i ytre trasé.

– Det ligg kostnadane på 2,4 milliardar kroner, inklusiv moms. Så kjem det nokre tilførselsvegar i tillegg, seier Hopen.

Dette er i utgangspunktet ein fylkesveg, dermed ligg det ein ganske stor del moms i reknestykket.

– Den delen vert kompensert av staten til fylke. Viss du reknar utan moms, ligg kostnadane omtrent på 2,2 milliardar kroner, seier Hopen.

Har rekna på tradisjonelt spleiselag

Men det fordrar at fylkeskommunen må inn med ganske mykje midlar, i og med at vegen har status som fylkesveg. Slik den økonomiske stoda i Sogn og Fjordane fylkeskommune er no, er dette svært lite sannsynleg.

Dersom regjeringa sitt framlegg til nytt inntektssystem for fylkeskommunane vert vedteke, får fylkeskommunen 224 millionar kroner mindre i inntekter dei neste fem åra. Administrasjon og politikarar er no i gang med ein storstila kuttrunde for å finne ut kor dei kan spare inn desse pengane.

I arbeidsnotatet frå fylkesrådmann Tore Eriksen til finansutvalets møte onsdag, var det klar tale om at dei største sektorane også må ta dei største kutta. Samferdsle er ein av dei største.

– Eg har rekna på ein tradisjonell bompengefinansiert løysing der det er eit spleiselag mellom det offentlege og brukarane. Då krevst det opp mot 50 prosent, helst meir, brukarfinansiering, seier Hopen.

Kan fordele midlane over lengre periode

Han peikar på at det syner at det er mogleg, sjølv om det krev eit enormt løft frå fylkeskommunen.

– Det som er fordelen med ein bompengemodell, er at dei midlane som krevst frå fylkeskommunen kan fordelast over ein lengre tidsperiode, seier Hopen.

Han legg til at det sjølvsagt er ei ulempe at ein bind opp midlane.

– Men ein treng ikkje ha alle pengane med ein gong. Dei utrekningane som er gjort, syner at ein kan få eit ferjefritt ytre Nordfjord viss fylkeskommunen går inn frå 2020 med om lag 275 millionar i året over ein fireårs periode, seier Hopen.

Han legg til at dersom ein deler dette på to planperiodar, så er det snakk om 150 millionar i året.

– Totalt 1,1 milliardar kroner, seier Hopen.

Trafikkgrunnlag som på hardangerbrua

Utrekningane til Hopen baserer seg på ein bomtakst på 110 kroner for ein personbil kvar veg. Då er rabattar tekne med.

– Det er høg takst, men dei betalar jo ferje i dag. Det blir både belastning, men også ei stor nytte for brukarane, seier Hopen.

Han seier at utrekningane tyder på at det vil verte stor trafikk på ei slik bru.

– Prognosane syner at trafikkgrunnlaget er på høgde med Hardangerbrua. Det er lagt til grunn ein døgntrafikk på 1200 bilar, seier Hopen.

– Veldig gledelege tal

Bengt Solheim-Olsen

GLAD: Orførar i Flora og Kystveg-forkjempar, Bengt Solheim-Olsen.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Ordførar i Flora, og aktiv forkjempar for ein ferjefri kystveg, Bengt Solheim-Olsen er svært nøgd med rapporten.

– Det er veldig gledelege tal. Det viser jo at det vil bli ei enorm trafikkauke over ytre Nordfjorden dersom ein får køyre ferjefritt der i framtida, seier han.

– Og så er det jo ein grei konklusjon for oss i Kystvegen at brua som vi jobbar med, som ligg ytst i Nordfjorden, gir klart størst effekt.

Avhengige av statleg finansiering

Likevel ser også Flora-ordføraren ser at økonomien til fylkeskommunen ser mørk ut, men han er framleis optimistisk til ei realisering av prosjektet.

– Den fylkeskommunale økonomien er sjølvsagt ei utfordring, men vi i 45-minuttsregionen og Kystvegen tenkjer at gjennom ferjeavløysingsmidlar, brukarfinansiering og ein statleg og fylkeskommunal medverknad, så har vi tru på at vi skal klare å løyse dette på ein flott måte, seier Solheim-Olsen.

Men han vedgår at dei ikkje får til ein ferjefri kystveg utan statleg medfinansiering på så kort som dei ønskjer.

– Det vi må satse på å levere no er eit heilskapleg vegprosjekt frå Florø til Måløy som viser ei enorm samfunnsnytte for regionen i framtida, og at vi får regjering og storting til å tenne på å bidra i stor grad til dette prosjektet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.