Hopp til innhold

Treng 12 millionar

Det er det som skal til for å få realisert Måløyraidsenteret.

Fly frå dei allierte styrkane vart nytta under Måløyraidet 3. juledag 1941

I fleire år har eldsjeler i Vågsøy kommune jobba for å lage ei utstilling som dokumenterer den viktige krigshistoriske hendinga som fann stad 3. juledag 1941.

Jobba i mange år

Måløyraidsenteret skal ligge i Herradsheim i Måløy sentrum, og Terje Sølvberg og Helge Hjelle har jobba med dette prosjektet i fleire år.

Det starta i det små med at dei fekk leige ein gamal bunkers der dei ville stille ut autentisk utstyr frå Måløyraidet. No skal dei lage til eit stort museum der også historien til Martin Linge som fall under "slaget" vert dokumentert. Ved hjelp av norske, engelske og tyske krigsheltar, historikarar og forsvaret har dei samla inn svært mykje historisk dokumentasjon, utstyr, filmar, bilete og lydopptak.

Finansiering

Vågsøy kommune har så langt putta 170.000 kr i potten for å få dette i gang. Men for å få alt på plass i museet/senteret trengs det totalt 12 millionar kroner. Men leiar i styret for Måløyraidsenteret, Terje Sølvberg er optimistisk.

- Økonomibiten er ei oppgåve vi går laus på no, og vi har allereie snakka med kjelder som kan vere med å finansiere dette.

- Kven då?

- Det er mange, både frå næringslivet og det offentlege.

- Kva signal har de fått om økonomisk bistand?

- Dei første signala vi fekk når vi lufta dette var veldig positive. Vi fekk omtrent militærordre på å setje i gong dette prosjektet, så vi håpar det skal gå i orden.