Hopp til innhold

Treng 100 mill. til privat gjeld

Hovudeigarane bak det børsnoterte fiskekonsernet Domstein har planar om storutbyte frå Norway Pelagic-salet for å betale privat gjeld.

Rolf Domstein

TRENG 100 MILLIONAR: Konsernsjef Rolf Domstein og brørne Knut Magne og Gunnar vil hente ut pengar frå salet av Norway Pelagic for å handtere privat gjeld.

Foto: NRK / NRK

Det Vågsøy-baserte kvitfiskkonsernet Domstein selde i sommar eigardelen på 32,37 prosent i Norway Pelagic til Austevoll Seafood for 303 millionar kroner.

- Må hente ut store delar av salet

Finansavisen har sett på gjeldssituasjonen til hovudeigarane i Domstein, og avslører onsdag kva pengane skal nyttast til:

«Domstein-familien må hente ut store delar av salsinntekten i utbyte for å betale eit privat obligasjonslån med forfall i slutten av desember», skriv avisa.

LES OGSÅ:

(Artikkelen held fram under biletet)

Domstein Trollebø

DOMSTEIN: Domstein-anlegget på Trollebø.

Foto: Ottar Starheim / NRK

Treng 100 millionar til privat lån

Salet av Norway Pelagic gav Domstein ein rekneskapsmessig vinst på 92 millionar kroner. I selskapet sin rapport for andre kvartal heiter det ifølgje Finansavisen at Domstein-styret skal gå gjennom konsernet sin strategi og ta stilling til disponeringa av eventuell overskotskapital.

- Vi har kommunisert at styret no skal gå gjennom disponeringa av salsprovenyet. Det er klart at det kan bli eit utbyte, utan at eg kan stadfeste det no, seier konsernsjef Rolf Domsstein til avisa.

Ifølgje Finansavisen treng Domstein-brørne 100 millionar for å betale det private obligasjonslånet. Domstein vert i dag leia av Rolf Domstein, med brørne Knut Magne og Gunnar i styret.