Hopp til innhold

I fjor vart det stafettgull på Jon Rolf – no får han sjansen igjen

I fjor delte Jon Rolf Skamo Hope (19) VM-gullet med tre lagkameratar. Om tre veker er målet å plukke med seg eit individuelt gull på junior-VM i Sveits.

Norge sitt stafettlag i junior-VM

TOK GULL I FJOR: Jon Rolf Skamo Hope (nummer to frå venstre) var med på laget som tok stafettgull under junior-VM i fjor. No får han ein ny sjanse til å representere Norge.

Foto: Brit Baldishol

– I mitt første junior-VM i fjor vart det mykje fokus på usportslege ting, men no kan eg fokusere meir på å gå fort og kjempe om medaljane, seier Skamo Hope.

Tidlegare i dag gjekk han inn til siger på 10-kilometeren under Norgescup-rennet på Beitostølen. Og det på ein dag der han sjølv ikkje følte at alt klaffa optimalt.

– Det går ikkje superlett, men at eg klarar å vinne på ein slik dag, det er godt å ta med seg.

Får VM-billett før uttaket er offisielt

Renna på Beitostølen denne helga er med på å danne grunnlaget for uttaket til årets junior-VM. På uttaksrenna i desember vart glopparen ståande med to andreplassar og ein tredjeplass. At han no blir ståande øvst på pallen blir lagt merke til.

– Med ein siger i dag ligg han utan tvil veldig godt an til å få bli med til junior-VM, seier landslagstrenar Geir Endre Rogn.

– Kan du allereie no love han ein VM-billett?

– Ja, eg kan unntaksvis gjere det. Han skal vere med til VM, det er ingen tvil om det, røper Rogn.

Når NRK snakkar med Skamo Hope sjølv, minutt etterpå, blir han ikkje akkurat overraska.

– Eg er sikra billett til 10 kilometer klassisk. Det har eg fått klarsignal på, og det er ekstremt moro, seier 19-åringen.

Han skal gå fleire renn i helga, og seier det er ei god kjensle at VM-billetten alt er i boks.

– Forma mi blir berre betre og betre for kvar veke. Etter treningsopplegget mitt skal eg vere i toppform om to veker. Då gjeld det å halde seg frisk, så kan det bli moro å gå junior-VM.

Håpar å ta gull

I fjor var junior-VM i Park City i USA, der utøvarane måtte prestere i løyper som låg 1800 meter over havet. Og det med litt jetlag i kroppen. Skamo Hope seier han gler seg til å gå renn i Goms i Sveits. Målet:

– Det er heilt klart å ta ein individuell medalje, og helst på 10 kilometer klassisk.

Landslagstrenaren har store forventningar.

– Det er ikkje tvil om at han er god nok til å kjempe heilt i toppen. Det er mykje som skal klaffe, og han var nok god nok også i fjor, utan at han fekk det heilt ut i VM. Han er endå sterkare i år, så om han har dagen kan han vere med å kjempe om medaljar, seier Rogn.