Hopp til innhold

Trenar Olsson er framleis optimist

Det starta så bra, men så har det gått nedover. Med åtte kampar att har Sogndal-trenar Jonas Olsson likevel trua på at laget frå saftbygda skal behalde plassen.

Etter ein god start på sesongen, har det berre gått ein veg for Sogndal i eliteserien.
I går tapte laget nok ein kamp, og ligg no på direkte nedrykksplass for første gong denne sesongen...

ANALYSE: Kvar einaste kamp blir analysert ned til den minste detalj i kampen om poenga. Sjå TV-saka her.

– Det svir når det blir ein lang periode utan sigrar, men det er åtte kampar att og vi skal gjere det vi kan for å greie plassen, seier Olsson til NRK.no.

Han er trenaren for laget som kanskje overraska aller mest i starten av sesongen. Laget frå saftbygda var tippa nord og ned, men vann då kamp etter kamp. Ei stund toppa Sogndal tabellen, og det var fleire som måtte bite i seg den surmaga kritikken.

Men i det siste har det gått lenge mellom kvar gong Sogndal har henta heim tre poeng, sist gong det skjedde var 15. juli då Sogndal vann 3–1 over Stabæk på Fosshaugane. Olsson vedgår at det er tungt med lange periodar utan siger, men let seg ikkje knekke. Sjølv ikkje når laget ligg på nedrykksplass.

Olsson seier det har vore fleire jamne kampar der marginane har vore på feil side for sognelaget og trur sjansane for å overleve i eliteserien er store.

– Eg trur dei er ganske store. Vi har åtte kampar att, og vi er fire-fem lag som slåst om to plassar.

– Eg trur det er gode sjansar for at vi greier plassen, seier Olsson som også meiner han er rette mann for å leie laget.

Trener Olsson om Sogndals sjanser til å bli i Tippeligaen