Solheim reagerte på det han meinte var dårleg innsats frå laget då han ropte at han ville drepe ein av sine eigne spelarar.
Aldri opplevd noko liknande
Robert Endestad var dommar i tredjedivisjonskampen mellom Tornado Måløy fotballklubb og Florø sportsklubb på Refvika sist onsdag, og han stadfestar hendinga. Endestad har lang erfaring som dommar, men han har aldri opplevd noko liknande.
- Slik oppførsel held ikkje, seier Endestad.
Raud kort
Først når Solheim Olsen kalla assistentdommaren ein jævla idiot, reagerte Endestad med å gje Florø-trenaren raudt kort.
Beklagar
Hovudpersonen sjølv, Bengt Solheim Olsen, seier seg lei for framferda si, men vil ikkje vurdere stillinga si som trenar.
No har dommar Robert Endestad sendt rapport på Solheim Olsen til Sogn og Fjordane fotballkrets. Domsutvalet skal vidare avgjere kva som skjer i denne saka, skriv Firda.
Kjempetap
Og kampen mellom Florø og Tornado enda med eit kjempetap for gutane til Solheim Olsen; 11-1 til Vågsøy-laget.