NRK Meny
Normal

Trekte anken – blir sitjande i varetekt

Anken på fengslinga for mannen som er sikta i den såkalla Veronica-saka i Sogndal, blir ikkje behandla fordi begge partane har trekt anken.

Veronica Heggheim Stegegjerdet

FORLENGA VARETEKT: Mannen som er sikta i Veronica-saka for falsk forklaring må sitte varetekstfengsla i fire nye veker.

Foto: Christian Blom/Privat / NRK

Dermed står Sogn tingrett si avgjerd om fire veker i fengsel med brev- og besøkskontroll, fram til 24. januar. Grunngjevinga er fare for at bevis skal gå tapt i samband med etterforskinga av narkotikasiktinga.

Begge partar anka

Mannen i 40-åra om er sikta for brot på narkotikalova, falsk forklaring i Veronica-saka og vald, har sete fengsla sidan 27. november. Måndag 22. desember blei varetektsfengsla forlenga med fire veker.

Sogn tingrett meinte at vilkåra for vidare varetekstfengsling er oppfylte, men finn ikkje at det er grunnlag for å mistenke at den sikta har påført Heggheim Stegegjerdet lekamsskade eller lekamskrenking.

Mannen anka den forlenga varetekstfengslinga, samstundes som at påtalemakta anka brev- og besøkskontrollen og ønska eit brev- og besøksforbod. Men i romjula har begge partar trekt ankane sine.

Sikta for fleire forhold

Veronica Heggheim Stegegjerdet vart funnen død i Barsnesfjorden ved Sogndal fredag 14. november, og politiet har etterforska saka som eit mistenkeleg dødsfall.

Mannen som no sit fengsla, blei i slutten av november sikta for brot på narkotikalova og falsk forklaring i Veronica-saka. Like før jul vart siktinga utvida til å gjelde lekamsskading mot Heggheim Stegegjerdet.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.