Dermed kunne han gje frå seg den estiske trekkvogna han har hatt i arrest i fem månader, og den merkverdige historia fekk ein minneleg slutt.
Vogntoget av vegen
Såpeoperaen i fleire akter starta 2. oktober då Jans bilberging hjelpte eit estisk vogntog som hadde køyrt av vegen på riksveg 15 ved Holmøyane i Eid. Bernhoft tok med trekkvogn og hengar til Stryn for å reparere skadene.
Jan Bernhoft Arkivfoto Steinar Lote, NRK
Hengaren søkk vekk
Etter at han hadde reparert hengaren, var den plutseleg ein morgon søkk vekk. Det estiske firmaet hadde henta hengaren utan å betale for seg. Når dei så ville hente trekkvogna, sette Bernhoft ned foten og tok vogna i arrest. Då svara estarane med å melde Jans Bilberging til politiet for det dei kalla øydelegging av bilen. Dei kravde over 800.000 kroner.
To bomturar til Stryn
To gonger etter har ein kranbil køyrt den lange vegen frå Estland til Stryn for å prøve å hente trekkvogna.
Nordfjord tingrett gav Jans Bilberging medhald i arresten.
Måtte betale til slutt
Men det juridiske krumspringet til estarane slo ikkje til. Fredag kom pengane, og i går henta ein kar frå Estland bilen. Og ifølgje Bernhoft var stemninga god, sjølv om det var den same karen som hadde vore der to gonger før. - Karen var blid og smilande, seier Jan Bernhoft.