NRK Meny
Normal

Turist-trekkplaster må bli heilskapleg - treng gang- og sykkelveg

Stryneordføraren trossa ei skrapa fylkeskommunekasse, og møtte på politikardag med luftige planar som treng jordnær hjelp for å bli det fyrtårnet stryningane drøymer om.

Hoven

BANE-PLANER: Frå Loen ved fjorden og opp til Hoven, skal etter planen pendelbana skal komme.

Foto: Per Helge Bø / Privat

– Ein del av aktiviteten på Hoven vil medføre at både gåande og syklande, vil måtte trekke seg ned att mot vegen for å bevege seg austover mot Loen for å komme tilbake til utgangspunktet.

Det er 2 kilometer gang- og sykkelveg Svend Flo eigentleg snakkar om som må på plass, for at stryningane sine luftige draumar om ei pendelbane skal bli ein mest mogeleg komplett turistattraksjon når den står ferdig.

Til fylkeskommunen med lua i handa

Under politikardagen på Leikanger måndag presenterte ordføraren planane, samstundes som han inviterte den skrapa fylkeskommunen til spleiselag for å få på plass ein gang og sykkelveg lags den trafikkfarlege strekninga langs fylkesveg 60 for å trygge turistane som ferdast mellom start og slutt på gondolbana.

– Så for å få ein heilskap i dette må vi sjå gang- og sykkelvegprosjektet i samanhengen for at prosjektet skal få utvikle seg slik som vi ønskjer.

Han inviterte til ei lik deling av utgiftene for å få på plass gang- og sykkelvegen, som er kostandsrekna til 20 millionar kroner. Han håpar fylkeskommunepolitikarane ser seg råd til det. Flo meiner det vil vere ei investering som kjem heile fylket tilgode.

(Saka held fram under bilete)

Hengjebrua

LUFTIGE PLANAR: Frå Via Ferrata-brua høgt over Loen har folk utsikt langt utover Nordfjord.

Foto: Jan Heggheim

– Hovudbodskapen er at dette er eit prosjekt som vil skape ekstremt mykje positivitet og mykje aktivitet. Det vil vere eit fyrtårn i forhold til opplevelse i fylket vårt. Det vil også skape nye arbeidsplassar.

Tryggleik i fokus

Flo er trygg på at det er rett å invitere fylkeskommunen med på eit spleiselag.

– For eit fylke som slit på enkelte frontar så trur eg det er viktig å vere i stand til også å sjå mogelegheitene i tida framover, og dette er ei mogelegheit. Dette er rein og skjær næringsutvikling.

Ordføraren argumenterte også for at omsynet til trafikktryggleik må bli tatt med. Allereie i dag går mange som har vore i Via Ferrata langs vegen, men dette er ein risiko for dei som gjer det.

– Det er ikkje trygt. Det er klart at viss ein no får eit auka påtrykk av turistar, for denne pendelbana vil jo vere ein magnet, og då vil ein jo oppleve mykje større trafikk av både gåande og syklande.

Sjølve gondolbana er kostnadsrekna til 177 millionar kroner. I planane reknar ein med 55 000 besøkande første året, og at talet vil auke til 80 000 på femte året.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.