20 tilsette mista jobben på Sandane, då Easy Connect i Bergen før helga valde å ikkje fornye avtalen om nummeropplysninga 1890. Håpet til dei tilsette er å kunne berge nokre arbeidsplassar ved å drive vidare med mellom anna telefonsal.
Men på styremøtet måndag kveld bestemte Gloppen Utvikling, som tok over drifta av Easy Connect Gloppen etter konkursen i oktober, å trekkje seg fullstendig ut av drifta.
Om det i framtida skal vere aktivitet i Easy Connect Gloppen sine lokale må altså andre komme inn og overta.