Trekkjer seg som styreleiar
Jorunn Ringstad trekkjer seg som styreleiar i Helse Førde, skriv Firda. Ho gir seg av helsemessige årsaker og skjer før styreperioden er omme. – Det ville bli for uryddig om eg skulle vere til stades på det eine styremøtet og borte på det neste. Difor har eg valt å seie vervet frå meg heilt, seier ho til Firda. Nestleiar Agnes Landstad tek over leiarfunksjonen.