NRK Meny
Normal

Trekkjer seg som ordførarkandidat for Ap

Ap sin ordførarkandidat i Førde, Terje Gjertsen, har måndag kveld gitt partiet melding om at han trekkjer seg frå vallista, berre månader før valet. Gjertsen har takka ja til stillinga som skjenkesjef i Bergen kommune.

Terje Gjertsen

HAR TAKKA JA: Ap sin toppkandidat i Førde forlèt Lotteri- og stiftingstilsynet til fordel for jobb i heimbyen Bergen.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

– Det er med tungt hjarte eg trekk meg. Men eg gjer det av omsyn til både min framtidige arbeidsgjevar og partiet, seier Terje Gjertsen til NRK.

Førde Ap har måndag kveld hatt styremøte, etter at Bergens Tidende måndag ettermiddag skreiv Gjertsen var tilsett som ny sjef ved Kontor for skjenkesaker i Bergen.

Overfor NRK stadfester Gjertsen at han har takka ja til jobben og at han no legg partipolitikken på hylla.

– Eg har gitt styret i Førde Arbeidarparti beskjed om at eg trekkjer meg. Meg eg kjem inntil vidare til å bli buande i Førde.

– Ser du deg som ferdig med partipolitikken?

– I alle fall på kort sikt gjer eg det.

Brei bakgrunn

Gjertsen er i inneverande periode gruppeleiar for Ap, og var også i 2011 ordførarkandidat i Førde. Han forlèt på seinsommaren stillinga som seniorrådgjevar ved Lotteri- og stiftingstilsynet for å ta til som skjenkesjef i Bergen.

Bergensaren er utdanna jurist har tidlegare vore politiadvokat ved Sogn og Fjordane politidistrikt. Han har også jobba som dommarfullmektig og advokat, og vore trygdesjef i Jølster.

Ap-leiar beklagar

Leiar i Førde Ap, Thor Mehammer beklagar at Gjertsen trekkjer seg frå vallista.

– Det er svært trist å sjå at ein så dyktig ordførarkandidat trer til sides. Men politikk skal ikkje gå framfor liv. Han har gjort det som han har tenkt, seier Mehammer til NRK.

Lokallagsleiaren gir Gjertsen mykje av æra for dagens utgåve av Førde Ap.

– Han har rett og slett bygd opp bystyregruppa og stått solid i partiet. Det å sjå han gå, er litt trist.

– Visste du at Gjertsen hadde søkt jobb i Bergen?

– Eg visste at han hadde søkt fleire jobbar. Ein er kandidat i over eit år. Ting skjer i løpet av den perioden. Slik er livet.

– Inga svik

– Korleis var stemninga på styremøtet måndag kveld?

– Det var sjølvsagt litt trist når Terje opplyste om at han trekkjer seg. Alle i styret takka han for arbeidet han har gjort for. Han har verkeleg stått på i vanskelege tider for Førde Arbeidarparti. Det var litt vemodig.

– Finst det dei som føler at han no sviktar partiet?

– På ingen måte. Det har aldri vore i tankane våre at han sviktar partiet. Folk har sine liv, og det skjer ting i dei liva. Og det er heilt greitt. Det har på ingen måte vore diskutert at dette er eit svik.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Thor Mehammer

MÅ FINNE NY: Leiar Thor Mehammer i Førde Ap står utan ordførarkandidat, under eit halvt år før veljarane går til stemmeurnene.

Foto: Elias Engevik / NRK

Har starta jakta på ny ordførarkandidat

Styret i Førde Ap har måndag kveld gitt nominasjonsnemnda i hasteoppdrag å finne ny ordførarkandidat i fylkets mest folkerike kommune.

– Nominasjonsnemnda er sett. Dei har frist til 4. mai på å finne ny ordførarkandidat. 11. mai blir det nytt nominasjonsmøte.

– Kven seglar opp som ordførarkandidat etter Gjertsen?

Det er fleire kandidatar. Kari Valle er kandidat sidan ho automatisk rykkjer opp til førsteplassen. Helge Robert Midtbø rykkjer automatisk opp til andreplassen. Og eg har forstått det slik at det er lov å hente inn eit heilt nytt namn på lista.

– Etter vallova kan ein ikkje områkkere på lista. Vil folk i Førde måtte rekne med å få ein ordførarkandidat som ikkje står på toppen av lista?

– Det kan godt vere. Det er i alle fall slik vallova er, at ein ikkje kan områkkere, seier Mehammer.

Må bu i kommunen

Knut Henning Grepstad

STRENGE REGLAR: - Det er ulike ting Førde Ap kan gjere med vallista, men dei kan ikkje endre rekkefølga på kandidatane, seier valekspert Knut Henning Grepstad.

Foto: Eldgrim Fossheim / NRK

Ifølgje valforskar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking må ein ordførar ha postadresse i kommunen han er valt for.

– Ein kan ikkje som ordførar bu i ein annan kommune, seier Bergh.

Mangeårig valkommentator for NRK Sogn og Fjordane, Knut Henning Grepstad, seier det i tråd med Vallova er fleire ting ein kan gjere med vallista, dersom Gjertsen melder flytting.

– Ein kan til dømes hente inn eit nytt namn, men ein kan ikkje endre rekkjefølgja på dei som alt står på lista, seier Grepstad som er sekretariatsleiar i Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Partiet sin endelege ordførarkandidat må heller ikkje stå øvst på lista, då det er bystyret, ikkje veljarane som vel ordføraren.

Her er Førde Ap si opphavlege valliste:

1 Terje Gjertsen* 1963
2 Kari Valle* 1964
3 Helge Robert Midtbø 1962
4 Lena Haveland 1975
5 Ivar Svensøy 1947
6 Kari Daltveit 1960
7 Sveinung Søreide 1959
8 Lill Anette Juvik 1973
9 Einar Solheim 1967
10 Ann Renate Mulehamn 1969
11 Reidar Fugle Nordhaug 1997
12 Solrun Underdal Nistad 1954
13 Knut A. Johansen 1951
14 Torhild Hvidsten 1945
15 Jarle Øen 1967
16 Silje Skaar Sunde 1984
17 Kjell Anders Engsæther 1962
18 Anne Berit Gudem 1949
19 Knut Johan Mikkelsen 1965
20 Mari Constance Jonstad Baardsen 1979
21 Bjarte Kapstad 1973
22 Anne Lise Bekjorden 1960
23 Justin Mulindabigwi 1969
24 Heidi Dale 1969
25 Geir Leon Hetle 1961
26 Monica Vik Hafstad 1975
27 Lidvin Osland 1937
28 Thor Erlend Mehammer 1990
29 Vigdis Heilevang Mikalsen 1965

Kjelde Førde Arbeidarparti

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.