Hopp til innhold

Trekkjer seg frå nordisk liga

Førde trekkjer seg frå årets nordiske liga i volleyball. Eliteserieklubben har få og svært unge spelarar i stallen. Sportsleg leiar i klubben, Martin Berntsen, seier at dei ikkje ville få nok sportsleg utbyte målt opp mot utgiftene, og at det uansett blir mange kampar på fleire av spelarane. Fleire har spådd at laget, som tok sølv i eliteserien i fjor, vil hamne sist på tabellen komande sesong.