Ordførar Trude Brosvik seier det er omsyn til dei tilsette i barnehagen som gjer at gebyret vert innført når nokon kjem for seint fleire gonger.
Foreldra i Gulen må no betale 150 kroner for kvar halve time dei hentar borna for seint, men berre viss dei kjem for seint meir enn tre gongar på ein månad. Hentar foreldra for seint meir enn seks gongar i løpet av ein månad stig prisen til 500 kroner.
– Rimeleg ordning
– Dette er ikkje urimeleg, seier foreldrerepresentant Vivian Våge. Sjølv om det er foreldra som er syndarar, så har semja om å innføre gebyret vore stor, seier Våge.
Ordninga skal evaluerast om eitt år.