NRK Meny
Normal

«Vasskokar»-saka må vurderast på nytt

Kvinna som i Gulating lagmannsrett fjor haust vart dømd for å kaste kokande vatn i fjeset på ei anna kvinne, får saka si vurdert på nytt.

Norges Høyesterett

HØGSTERETT: Kvinna som i juli 2014 kasta kokande vatn i ansiktet på ei anna må for andre gang få saka si vurdert i lagmannsretten.

Foto: Bendiksby, Terje / NTB scanpix

Det har Høgsterett avgjort. Fast forsvarar i Høgsterett, Halvard Helle, seier det er ei viktig prinsipiell avklaring frå Høgsterett.

– Det har vore omdiskutert i mange hundre år om ein skal dømmast for forsettleg lovbrot om ein råkar andre enn den ein har tenkt, seier advokaten.

Avslutning på Ramadan

Halvard Helle

GASSEGLEFS: Advokat Halvard Helle førte «vasskokar»-saka for Høgsterett. – I dei gamle gulatingslovene er feiltreff kalla for «gasseglefs», eit flott ord som kling betre enn feiltreff, seier han.

Foto: Øyvind Bye Skille / NRK

Saka har sin bakgrunn i ein krangel mellom to kvinner på eit kjøkkenet i Sogn for tre år sidan. Fleire kvinner var i ferd med å førebu slutten på fastemånaden ramadan då dei to hamna i tottane på kvarandre.

Andre kom til og skilde dei, men den eine kvinna treiv ein vasskokar som ho kasta etter den andre. Ei tredje kvinne vart treft i ansiktet av kokande vatn og fekk alvorlege brannskadar i ansiktet.

Kvinna vart i Sogn tingrett dømd til fengsel i 30 dagar for forsøk på lekamskrenking mot kvinna ho krangla med. Samstundes vart ho frifunnen for feiltreffet.

Vilje eller uhell?

Påtalemakta anka avgjerda til Gulating lagmannsrett, for å også få henne dømd for feiltreffet. Det gjorde dei, og straffa vart auka til fengsel i åtte månader, der fem månader vart utsett med prøvetid på to år .

Denne dommen anka kvinna og i november vart det klart at Høgsterett ville sjå på lovbruken under skuldspørsmålet og sakshandsaminga . Nyleg vart det klart at dommen blir oppheva. Dermed på lagmannsretten behandle saka på nytt.

– Det var ikkje omstridd at kvinna uansett kunne dømmast for å ha prøvd å treffe den andre kvinna med vilje, seier Helle.

Høgsterett meiner også at lagmannsretten må grunngje betre kvifor dei meiner at omstenda tilseier at feiltreffet var med vilje. Dette fordi aktlaus kroppskrenking ikkje er straffbart.

– Høgsterett legg til grunn at det er ein klassisk «feiltreffsituasjon». Du siktar mot ein person, men råkar ein annan. No blir «vasskokar» – saka ein fotnote i strafferettslitteraturen, avsluttar Helle.

Teaterfestivalen i Fjaler  
Frida Melvær møtte innbygarane dagen derpå
Milliongåve til Redningsselskapet som takk for innsatsen