NRK Meny
Normal

Fann ikkje rett rytme - no må han øve inn gamlerytmen på fire dagar til Bislett Games...

Øyvind Strømmen Kjerpeset kjempa seg inn til ein tredjeplass på 400 meter hekk under Florø friidrettsfestival. Og det er han glad for.

Created by InfoDispatcher

GAV ALT: Florøværingen Øyvind Strømmen Kjerpeset tok tredjeplass på 400 meter hekk.

– Eg har øvd på å ta 13 steg i staden for 14, men det fungerte ikkje under oppvarminga. Då eg stod i startblokka, visste eg ikkje heilt kva eg skulle gjere, seier Kjerpeset.

Han fortel at han meir eller mindre måtte improvisere gjennom heile løpet under Florø friidrettsfestival.

– Alt i alt er eg veldig nøgd. Eg har trent heile våren på ein rytme som eg ikkje klarte å få til då eg kom ut på bana og skulle konkurrere, seier Kjerpeset.

Dermed enda han opp med å springe omtrent same rytmen som har gjorde i fjorårets suksessesong.

– Eg er veldig nøgd med at eg klarar å springe så fort som eg gjer, seier Kjerpeset.

Pleier å ha hekkane tettare på trening

Han har ei naturleg forklaring på kvifor han ikkje fann rytmen då han skulle konkurrere i dag.

– På trening så brukar eg å setje hekkane litt nærare enn dei skal vere, for eg blir ofte veldig tent i konkurranse. Men eg trur eg har overvurdert kor tent eg blir. Det var rett og slett for langt i dag, seier Kjerpeset.

Det var også ein del vind under løpet, noko som påverka.

– Når eg må ta kortare steg, så får eg ikkje utnytta vinden. Eg legg rett og slett att løpet på at det står hekkar, og det er både positivt og negativt, seier Kjerpeset.

Patryk Dobek frå Polen vann med 49,52, noko som er ny personleg rekord og ny stadionrekord i Florø.

Nikita Adryanov frå Russland tok ein knipen andreplass framfor Kjerpeset på 50,73.

Ser fram til Bislett Games

Kjerpeset var klar på at han trur årets sesong blir bra, sjølv om han ikkje klarte målet han hadde sett seg på førehand, nemleg å slå sin eigen rekord på 49,95 frå stemnet på same tid i fjor.

– Eg har meir inne, og eg kan springe fortare enn dette, seier Kjerpeset.

Onsdag står han i startblokka på Bislett Games, og det ser han fram til. Men han veit kva han skal bruke tida på fram til det. Og han understrekar at det ikkje er noko heksekunst å få korrigert rytmen.

– Det er berre at eg må ha ein ny plan, og det må eg fikse til Bislett. Den rytmen eg brukte i dag har eg sprunge med i fem år, så eg er berre nøydd til å terpe han på nytt og repetere. Så skal eg springe mykje, mykje fortare på Bislett, trur Kjerpeset.

Viss alt klaffar, blir det ny rekord

Kjerpeset har ei målsetjing om å senke den norske rekorden med eitt sekund i årets sesong, noko som vil sende han rett inn i Europatoppen.

– Eg trur det er mogleg. Men som eg tidlegare har poengtert, så er det eit utruleg høgt nivå. Skal eg klare det, så må alt gå etter planen. Det er framleis tidleg i sesongen, og eg trur det kan gå, men det er framleis mykje som skal klaffe, seier Kjerpeset.

Forventningane til årets Bislett Games er han klar på.

– Eg ventar å setje noregsrekord på Bislett. Klarar eg det, er eg kjempenøgd. Eg trur eg kunne klart det allereie i dag, viss eg hadde vore meir førebudd på det som skulle skje, seier Kjerpeset, som lovar å ha ein klar plan til løpet på Bislett.

Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser