NRK Meny
Normal

Tredjeplass i vektløfting

Vemund Holstad frå Dale blei beste lokale utøvar under ungdoms-NM i vektløfting på Sandane i helga.

Vemund Holstad

VEKTLØFTING: Vemund Holstad frå Dale IL tok 70 kilo i rykk.

Foto: Jørn Helgheim

17-åringen frå Dale, løfta 70 kilo i rykk og 91 kilo i støt. Det held til tredjeplass då bestemannspremien (kor mange kilo ein har løfta i høve til eiga kroppsvekt) skulle delast ut. Førsteplassen gjekk til Magnus Strand frå Hitra, medan Eskil Andersen frå Stavanger sikra seg 2.-plassen.

– Vemund kjem frå ei lite idrettslag, men hevdar seg godt. Det seier Ola Bergheim som er leiar vektløftargruppa i Breimsbygda og leiar Sogn og Fjordane Vektløftarkrins.

Dei 15 utøvarane frå Sogn og Fjordane gjorde det bra under NM på Sandane og sikra 10 medaljar; ei gull, fem sølv og fire bronse til fylket.

– Vi er godt nøgde. Vi har no eit generasjonsskifte i laga, så det er ein ung gjeng men mange personlege rekordar denne helga gir håp om meir edelt metall i åra som kjem.

(SAKA HELD FRAM UNDER BILETET)

Eskil Andersen,Ole Magnus Strand, Vemund Holstad

BESTEMANNSPRISEN: (fv.) nr. 2 Eskil Andersen, Stavanger. Nr. 1 Ole Magnus Strand, Hitra og nr. 3 Vemund Holstad, Dale.

Foto: Jørn Helgheim

– Ekstra kjekt er det å sjå at det er mange jenter som deltek, sjølv om det førte til at vi i år miste Norgesrekorden i jenteklassen.

Trude Raad frå Gloppen har tidlegare halde rekordane i juniorklassa. Laurdag sette Beatrice Llano frå Flaktveit IL norske rekordar i +69 kilos klassa både for ungdom og junior med 68 kilo i rykk og 156 kilo samanlagt.

Breimsbygda og Brodd er også tildelt junior-NM 2015, som skal gå 19. april neste år.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.