To gongar i år har Jens Isehaug skifta låsen på døra til kafeteriaen. No må han skifte ut eit vindauge. Natt til måndag braut tjuvar nok ein gong seg inn for å forsyne seg av speleautomatane.
- Dei har gått på automatane kvar gong. Etter innbrot nummer to installerte eg alarm, men heller ikkje det hjelpte. Dei har plassert sølvpapir framfor sensoren, og det gjorde at den ikkje løyste ut alarmen, seier Jens Isehaug.
Tapt ti-tals tusen
No er han rimeleg oppgitt over tjuvane, og lei av å reparere skadene etter dei.
- Eg gidd ikkje å betale 7000 kroner i eigendel på forsikringa tre-fire gonger i året. No får eg ta meg ein prat med Norsk Lotteridrift som eig automatane, og finne ut kva eg skal gjere, seier Isehaug, som meiner han har tapt nokre ti-tals tusen kroner på innbrota i år.
Politiet har vore på staden og sikra spor, men har førebels ikkje oversikt over kor mykje pengar tjuvane har fått med seg.