NRK Meny
Normal

Tredagar lang fotballfest går mot slutten

Over 3500 fotballspelarar frå 10 til 14 år har spelt kampar i tre dagar. Tre av dei fekk ein brå slutt på turneringa.

Fotballgleda er stor på bana.

– Ein har brote kragebeinet, ein eit handledd og ein har fått slått opp att ein ryggskade. Dei måtte på sjukehus alle. Vi skulle gjerne vore forutan dette, men nokre skadar må ein rekne med når så mange er med, seier cupgeneral Mikkel Frodahl.

Sluttspelet under Lerum cup er i gong, og siste kamp for å avgjere kva lag som vinn den 27. ande turneringa starar klokka 17. At det står meir på spel for dei involverte merkast også på ein stadig større trafikk inn og ut av dommartelta.

– Det er meir kommunikasjon no med foreldre og trenarar, men det har ikkje vore nokon problem.

Like over klokka 11 søndag melde Vegtrafikksentralen om ventetid på ferjesambandet Manheller – Fodnes, på grunn av at mange av laga frå Hordaland er på veg heim. Det vart då meldt om ventetid på inntil 30. minutt.

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.