Hopp til innhold

Iren Jeanett (26) har ein draum om å leve av bilsport

FØRDE (NRK): – Eg er aldri redd. Det kan gå veldig gale, men det kan eg ikkje tenke på.

Iren Jeanett Moen

350 HESTAR: Iren Jeanett Moen køyrer ein Nissan S14, med 350 hestar. Bilen er spesialbygd for drifting. – På ei helg kan eg svi av minst 20 dekk, seier Moen.

Foto: Thomas A. Husevik

Iren Jeanett Moen

VIL PÅ PALLEN: Målet for den komande sesongen er pallplass i norgescupen. – Er eg på topp fem er eg også fornøgd.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Med dei tre døtrene sine på tribunen breisladdar Iren Jeanett Moen seg rundt motorsportbanene i Sør-Norge. I høg fart svir 26-åringen gummi gjennom svingane så blårøyken ligg tjukk.

Det er dette trebarnsmammaen elskar. Drifting. Kort fortalt kontrollert sladding eller prestasjonskøyring på bane.

– Eg får eit skikkeleg adrenalinkick av å drive med dette.

I år blir ho einaste kvinnelege utøvar i norgescupen i drifting.

– Skummelt første gongen

Trebarnsmora frå Høyanger har alltid vore ei gutejente. I oppveksten var ho meir med gutar enn jenter. Sjølv om ingen i familien hadde stor interesse for bilar, var det bilar Moen la sin elsk på.

Som 18-åring var ho på sitt første gatebilarrangement. Året etter sat ho for første gong bak rattet på driftebilen til kjærasten Andre Birkelid.

– Det var veldig skummelt første gongen. Men det var då eg verkeleg fekk interessa for drifting.

Sidan har ho køyrt stadig meir. Frå 2012 til 2013 hadde ho eit opphald då ho gjekk gravid med tvillingar, men så var ho tilbake i bilen.

Iren Jeanett Moen og eldstedottera Andrine

TOMMEL OPP: Trebarnsmora tek ofte med seg døtrene på konkurransar. Her saman med eldstedottera Andrine på 8. I tillegg har ho tvillingane Tilde og Linnea som er 5 år.

Foto: Fredrik Helland / NRK

– Eg er veldig stolt over ho

Dei siste to åra har Moen stilt i konkurransar. Dei aller fleste ho køyrer mot er menn.

– Eg er sjølvsagt veldig stolt. Det er artig at ho satsar, seier Birkelid.

– Kva tilbakemeldingar får ho frå dei ho køyrer mot?

– Ho får veldig gode tilbakemeldingar. Men nokon av karane synest kanskje det er litt hardt å bli slått av ei jente, flirer Birkelid.

Både Moen og sambuaren framhevar at ingen i driftesporten tek lett på tryggleiken. Når Moen susar nedover asfalten i opp mot 200 km/t sit ho med halskrage og hjelm og kan knapt røre på seg.

– Det er ikkje skummelt no. Det er artig, seier Moen.

Iren Jeanett Moen

DRIFTQUEEN: Den første sesongen Moen dreiv med drifting, i 2016, vart ho i ein konkurranse på slutten av sesongen kåra til Driftqueen, den beste av dei kvinnelege køyrarane. – Eg hadde ei veldig bratt lærekurve det året. Det gjekk bra og eg vart god på ganske kort tid.

Foto: Thomas A. Husevik

Drøymer om å konkurrere i utlandet

Andre Birkelid og Edgar Endestad

SPONSOR: Edgar Endestad på Skadesenteret Riko i Førde er ein av Moen sin sponsorar. – Det er ikkje mange kvinner som driv med dette. Det er veldig kult, så eg håpar verkeleg at ho får det til.

Foto: Fredrik Helland / NRK

Etter fleire år i Naustdal, flytta Moen nyleg til Brumunddal. Her er store motorsportbaner på Gardermoen, Våler og Dokka berre halvanna time unna. Dit håpar Moen å kunne reise så ofte ho kan. God hjelp frå familie, vener og andre i bilsportsmiljøet gjer at ho klarar å kombinere mammarolla med å satse på bilsport.

– Ofte er ungane med meg.

– Håpar du at dei også vil satse på bilsport?

– Det hadde vore kjekt. Eg trur dei har veldig lyst, seier Moen.

Eldstedottera Andrine (8) er snar med å presisere at ja, det har ho veldig lyst til.

Enn så lenge jobbar Moen på ein dyrebutikk. Draumen er å kunne leve av drifting.

– Det er ikkje umogleg. Eg er langt unna, men eg har lyst å satse og ein dag konkurrere i utlandet.

Iren Jeanett Moen og eldstedottera Andrine

MAMMA SIN STØRSTE FAN: 8 år gamle Andrine er ein av mamma sine største fans.

Foto: Fredrik Helland / NRK