Hopp til innhold

Treåring påkøyrd ved barnehage i Førde

Ein tre år gamal gut er send til sjukehus etter at han vart køyrt på ved Halbrend barnehage.

Påkøyrsle ved Halbrend barnehage

PÅKØYRSLE: Eit tre år gamal gut er påkøyrd ved Halbrend barnehage i Førde.

Foto: Oddmund Haugen / NRK

Ulukka skjedde like før klokka 09 i samband med at guten skulle leverast i barnehagen.

– Ungen var bevisst, og ikkje alvorleg skadd. Bilen har køyrt over begge beina til barnet, seier innsatsleiar Gunnar Englund i politiet.

– Uoversiktleg

Foreldra til guten er varsla om ulukka. Ifølgje Firda.no tek dei det med fatning, men er prega av det som skjedde. Politiet avhøyrer bilførar og vitne. Sak er oppretta.

Englund seier at det er ei kjent problemstilling at det i 09-tida er uoversiktleg ved barnehagen. Like ved ligg Halbrend skule med kring 350 elevar og 50 tilsette.

Ved barnehagen går kring 50 born.

– Alle blir køyrde til døra, så det er fullt av bilar her. Elevar skal på skule og born skal leverast i barnehage. Det blir for mange på ein stad, og då blir det uoversiktleg, seier han.

Har frykta ulukker

Styrar ved barnehagen, Kari Naustdal, seier at ho vil ta opp problemstillinga i Liavegen med både kommunen og Halbrend skule.

– Eg har fått tilbakemelding frå fleire av personalet her, at dei tykkjer det er vanskeleg å komme hit på tider der foreldre, born og elevar kjem og går. Fleire har vore redde for at det skal skje noko, seier ho.

Ifølgje Naustdal fekk ikkje mange born med seg ulukka. Barnehagen vil likevel snakke med dei eldste borna om hendinga.

– Ikkje køyr der

Helge Sæterdal

FØLER MED: – Eg føler med dei som vart utsette for ulukka, seier kommunalsjef Helge Sæterdal.

Foto: Vidar Gudvangen / NRK

Kommunalsjef for skular og barnehagar, Helge Sæterdal, seier problemstillinga ikkje er ny for kommunen.

Mellom anna har dei laga ei rundkøyring lenger oppe i Liavegen for å unngå at bussane skal køyre ned. Dei rydda også opp i parkeringa og oppmerkinga ved Halbrend skule.

– Vi oppmodar spesielt foreldre til elevar ved skulane, både på Halbrend og Flatene, om å ikkje køyre ned i rundkøyringa, men å sleppe elevane av i rundkøyringa lenger oppe, der bussane stoggar, seier Sæterdal.

Han vil ta opp problemstillinga med rektorane ved skulane, og barnehagestyrar.

– At dei brukar foreldremøte til å oppmode om å ikkje køyre inn i området unødvendig når skulane startar og sluttar. Det einaste som fungerer er å få ned tal bilar i området, seier han.

TRAFIKK: Flatene skule på eine sida av elva, og Halbrend barnehage og skule på andre side, gjer trafikkbiletet til tider uoversiktleg ved barnehagen.