Samanslåinga kjem som ein følgje av at Naustdal, Førde, Jølster og Gaular blir slått saman til Sunnfjord kommune frå 1. januar 2020.
- Les også: Storkommunen skal heite Sunnfjord
Det er partiet sine lokallag i Førde, Jølster og Naustdal som inviterer til skipingsmøte. Gaular Venstre er utan aktivitet for tida, men medlemer frå kommunen er invitert inn i det nye laget.
- Les også: Hamar vil bli ordførar i storkommunen
– Dette er noko eg har jobba for og ynskt lenge, fordi det vil bety meir Venstre-aktivitet, seier Vigdis Tonning, leiar i Jølster Venstre.
– Ein merkedag
André N. Skjelstad, Stortingsrepresentant og medlem i næringskomiteen for Venstre, er gjest under møtet.
Ifølgje ei pressemelding var Skjelstad sentral i arbeidet med kommunereforma i Stortinget, og har vore ein aktiv pådrivar for at Fredskorpset blir flytta til Førde.
– Dette er ein merkedag i venstrelaga si historie. Samstundes trur eg at samanslåinga av venstrelaga i Indre Sunnfjord vil skape meir engasjement i det politiske arbeidet, seier leiar i Naustdal Venstre, Eivind Husabø.
Avedal innstilt som leiar
Åge Avedal er innstilt som ny leiar i det nye lokallaget. Avedal er i dag nestleiar i Førde Venstre og har mellom anna erfaring som valkampsjef for Sogn og Fjordane Venstre i 2017.
– Eg vonar dette vil gje oss større gjennomslagskraft. Den nye storkommunen skal løyse viktige oppgåver og når vi no samlar kreftene også politisk, er målet å jobbe betre saman for felles beste, seier Anne Mette Hjelle, leiar i Førde Venstre.