Hopp til innhold

Tre ting du ikkje visste om lastebileigaren

Han fekk jobb i Industridepartementet som 16-åring, finn glede i å vaske allereie reine bilar og stod i bresjen for å danne Sogn og Fjordane turlag. Lastebileigar Rolf Olav Tenden er meir enn dekk og diesel.

Rolf Olav Tenden

TENKER LASTEBIL 24/7: Rolf Olav Tenden meiner sjølv han har verdas beste jobb.

Foto: Silje Guddal / NRK

Ein vinterdag, medan snøven lavar ned, møter NRK lastebileigar Rolf Olav Tenden på heimebane. I hytta på ein trailer i heimbygda Stryn. Tenden er tankefull og snur stadig hovudet austover mot Strynefjellet. Fjellovergangen som vert kryssa dagleg av hans tilsette.

– No er tankane mine er ute på vegen. Eg tenkjer veldig på sjåførane som er ute og kjempar på dårleg føre, seier Tenden.

60-åringen fortel at han og dei tilsette er bra sikre på eigne ferdigheiter, på eige utstyr, men at dei redde for kva dei kan møte, kvar dei kan bli ståande fast. Kontakten med sjåførane er tett.

Tenden-vogntog ventar på tunnellarbeid

Thor Tenden Transport har i dag over 40 tilsette. Mange lastebilar går dagleg over Strynefjellet.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

– Eg er oppteken av å ringe, sende sms, eg spør om dei har gode dekk, og held meg oppdatert på fjellovergangane, slik at vi kan vere i forkant dersom det skulle bli stengt, seier Tenden.

– No tenkjer eg lastebil og framkommelegheit 24 timar i døgnet.

Vart sendt vekk frå Stryn

Far til Rolf Olav Tenden, Thor Tenden, starta selskapet Thor Tenden Transport AS like etter krigen. I dag er det eit av dei største private transportselskapa i Sogn og Fjordane.

Men den som trur at sonen vart pressa til å ta arbeid i selskapet tek feil.

– Heile livet mitt har eg hatt lyst til å drive med dette. Eg begynte jo veldig, veldig tidleg å interessere meg for trafikk, truck, lastebilar og lossing av båtar. Eg begynte vel altfor tidleg å køyre det meste, minnes Tenden.

Thor Tenden Transport på Visnes i Stryn

VISNES: Selskapet held til på Visnes i Stryn. Fram til år 2000 hadde dei også dampskipsekspedisjonen på kaia.

Foto: Kjell Arvid Stølen / NRK

I ein alder av 16 år vart Tenden sendt av far sin til Oslo for å ta gymnas.

– Far ville helst at eg skulle ta meg eit skikkeleg arbeid, fortel Tenden.

– Såg ikkje han på arbeidet i bedrifta som ein skikkeleg jobb?

– Han hadde vel kjempa på så mykje sjølv i etableringsfasen, at han syntest det var for tøft. Han ville ikkje at eg skulle oppleve det same, seier Tenden.

Rolf Olav Tenden

PÅ KONTORET: I hytta på ein av verksemda sine 28 lastebilar.

Foto: Silje Guddal

Fekk jobb i Industridepartementet på dagen

Tida i hovudstaden vart ganske spesiell for ein 16-åring frå Stryn. Tenden tok til på kveldsskule, og måtte ta arbeid ved sidan av studiane for å dekke skuleutgiftene.

Først stua han på dei gamle hurtigruteskipa, men etter kvart ut at han måtte finne seg ein litt betre jobb. Slik vart det til at ein ung Tenden fekk jobb i Industridepartementet.

– Eg sat utanfor Høyblokka i Oslo, las VG og rubrikken med stillingar i staten. Ei av stillingane som var ledige var i arkivet i Industridepartementet, fortel Tenden.

Industri høyrdest interessant ut tenkte Tenden, strena inn i departementet, og snakka seg til jobb på dagen.

Dette var lenge før dataen si tid, og jobben var prega av hyllemeter på hyllemeter med stortingsproposisjonar.

– På bestilling frå politikarar og andre henta vi fram dokument, og leverte dei på Stortinget for eksempel, seier Tenden.

Tenden var einaste hane i korga, men damene likte han godt, og eit år vart til to i departementet.

Seier nei til støvete teppe og kontorlandskap

Midt under barneåra til oljenasjonen Norge var stryningen med på å fysisk å skilje eit departement.

– Det eine året skilde Olje- og energidepartementet seg ut ifrå industridepartementet, så då bar eg fysisk kontormateriell tre kvartal gjennom Oslo sine gater og var med å etablere nytt departement. Det var kjempestort for ein 16-åring, mimrar Tenden.

Tenden seier han storkosa seg i jobben, og lærdomen derifrå har han teke med seg vidare i livet.

Eg fann både ut at eg ikkje skal jobbe i departement, eg skal ikkje sitje på eit kontor med støvete teppe og eg skal iallfall ikkje sitje i kontorlandskap, slår Tenden fast.

Alle dei tre lærdomane har han heldt seg til etterpå.

Tenden slapp aldri draumen om å jobbe med lastebilar. Og høve skulle kome. Thor Tenden vart sjuk med magesår etter at sonen var ferdig i Garden i Oslo.

– Då hadde eg ei god unnskyldning for å kome heim og arbeide eitt år, fortel Tenden.

Det året vart til 40. Og Tenden har ikkje angra eit sekund.

Vart bergteken

– Eg huskar opplevinga av å kome heim att til Stryn våren som 20-åring. Eg såg fjella og landskapet rundt Stryn og vart veldig bergteken av fjell og vidder.

Turlaget på Kvitsvornipa

OPPSTARTEN: Saman med Eivind Skjerven starta Tenden Sogn og Fjordane turlag i 1983.

Foto: Odd Haugsbakk / Sogn og Fjordane Turlag

Fascinasjonen og gleda over naturen førte til at Tenden, i lag med Eivind Skjerven, starta Sogn og Fjordane Turlag i 1983.

Høyr Tenden fortelje om oppstarten av Sogn og Fjordane turlag.

Sjølv om gleda over naturen framleis er stor, er det 20 år sidan Tenden gjekk Jostedalsbreen på langs.

– Eg tenkjer på det kvart år. Du veit eg blir eldre, litt meir forsiktig, og så veit vi at Jostedalsbreen har mykje mindre snø no, forklarar han.

– Så du skuldar på klima?

– Ja, klima og alder. Alderen er ikkje til å unngå, klimaet får vi håpe vert betre, seier Tenden.

Vaskar gjerne reine bilar

Tenden vedgår at interessa for bilar og lastebilar er vel over gjennomsnittet. At han vaskar og polerer allereie reine bilar er slett ikkje uvanleg.

– Det er vel kjenneteiknet min dessverre. Eg kan gjerne vaske ein reine bil!

Kvifor det?

– Det er litt terapi kanskje? Viss ting har vore litt vondt og vanskeleg, så går eg og vaskar bilen min etterpå, vedgår Tenden.

Tenden er av den ryddige typen. Det skal vere reint og ryddig.

– Vi har ein ganske streng profil på korleis det skal sjå ut, seier Tenden.

Mjuk på innsida

Men sjølv om interessa for bil er stor, brukar han vel så mykje tid på personane han har rundt seg. Tenden legg vekt på å vere til stades.

– Traileryrket er litt spesielt. Ein får utlevert ein lastebil og så reiser ein vekk ifrå arbeidsplassen sin, for så å kome att annakvar dag eller i slutten av veka. Ein er veldig mykje åleine, seier Tenden.

Tenden er også fylkesleiar i Lastebileigarforbundet.

– Eg såg at vi var for små til å stå åleine. Det var viktig å ha ein organisasjon i ryggen, og å jobbe i lag, forklarar Tenden.

Rolf Olav Tenden fortel om blues og bilvask.

Fylkesleiaren seier han er glad han har fått moglegheita til å ta på seg vervet.

–Vi har veldig viktige saker vi er nøydde å kjempe for, og når eg er så engasjert som eg er i trafikk og vegutbygging, så er det naturleg at eg tek min del av det, seier han.