NRK Meny
Normal

Tre til sjukehus etter trafikkuhell

Tre personar er sende til sjukehus på Voss etter ei trafikkulukke i Nærøydalen i Aurland.

Laster kart, vennligst vent...

– Dei skadde er to menn på 23 og 33 år og ei kvinne på 38 år, seier operasjonsleiar Hans Eirik Thue ved Vest Politidistrikt, Bergen.

Det er to bilar som har kollidert, og i alt seks personar var involverte i hendinga.

Laster Twitter-innhold

– Den eine bilen har fått skrens og segla over i motgåande køyrefelt og treft ein møtande bil, seier Thue.

Etter det politiet har fått opplyst skal det ikkje vere snakk om alvorlege skadar.

– Det har vore manuell dirigering på staden, men bilbergar er på staden og fjernar den siste bilen no, så eg reknar med at vi snart kan opne for normal trafikk igjen, seier Thue.

Bønder føler seg ikkje trygge på vegen med traktor
Orkanen Tor var ikkje ekstrem nok
Ordninga bør endrast