Hopp til innhold

Tre til legesjekk etter trafikkuhell

Tre personar er sende til legesjekk etter eit trafikkuhellet på E39 ved Sunde i Førde.

Trafikkulukke i Førde
Foto: Jofred Vallestad

– Politiet fekk melding om uhellet klokka 16. Det skal vere eit einsleg køyretøy som har køyrt i autovernet, seier Wenke Hope, som er operasjonsleiar ved Sogn og Fjordane Politidistrikt.

Ein politipatrulje er akkurat komen på staden, men politiet kan førebels ikkje seie noko om årsaka til uhellet.

– Det er lange køar på staden, men bilbergar er venta i løpet av kort tid.