Hopp til innhold

Tre tenåringar sikta for seksuell omgang med mindreårig

NORDFJORDEID (NRK): Politiet har arrestert tre personar etter at ei mindreårig jente melde frå om ei valdtekt som skal ha skjedd natt til søndag.

Etterforsking valdtekt

TRE SIKTA: Natt til søndag skal ei mindreårig jente ha blitt valdteken på Nordfjordeid. Politiet har no sikta tre personar i saka.

Foto: Øystein Torheim / NRK

Politiet vil ikkje seie kvar dei tre kjem frå, men alle er under 20 år.

– Alle er sikta for seksuell omgang med barn under seksten år. Siktinga kan bli utvida etter kvart som etterforskinga skrir fram, seier politijurist Erling Melvær.

– Kor alvorleg vil du karakterisere siktinga?

– Saka er alvorleg og har stor prioritet hos politiet, seier Melvær.

Jenta er mellom 14 og 16 år.

Det var BT som først melde om arrestasjonane.

– Politiet har pågripe tre personar. Desse har status som sikta og vil bli avhøyrde i løpet av morgonkvisten eller dagen, sa operasjonsleiar Kai Myklebust til NRK tidlegare i dag.

Etterforsking Nordfjordeid Malakoff politi

SPERRA OMRÅDET: Politiet jobba i går kveld med å sikre tekniske bevis. Eit område i sentrum vart sperra av

Foto: Øystein Torheim / NRK

Politiet vil utover dagen vurdere om dei vil krevje varetektsfengsling for ein eller fleire av dei tre.

Ifølgje Fjordabladet skal av ein dei arresterte ha blitt sett fri. NRK har ikkje fått stadfesta dette, heller ikkje om siktinga blir heldt ved lag.

Politiet vil ikkje enno seie noko om korleis dei arresterte stiller seg til siktinga.

– Kva skjer vidare no?

– Saka vil bli etterforska for full kraft frå morgonen av. Så får vi heller kome tilbake til kva som skjer vidare, seier Myklebust.

Lensmannskontor i Eid

FULL AKTIVITET: På lensmannskontoret i Eid har det vore aktivitet gjennom natta. I dag tidleg var dei fleste gardinene i andre etasje trekte for.

Foto: Geir Bjarte Hetland / NRK

Jenta var i helga på Malakoff Rockfestival på Nordfjordeid i Eid kommune. Valdtekta skal ha skjedd natt til søndag utanfor festivalområdet. Ho har blitt teken hand om av politiet.

Politiet jobba i går med å sikre tekniske bevis og avhøyre både fornærma og vitne.

Den antekne åstaden skal vere eit smug nær sjøen, ikkje langt frå festivalområdet. Området vart seint i går sperra av og politiet brukte lang tid på å sikre spor. Vår reporter på staden fortalde at politiet gjekk manngard over plassen og politiet tok med seg fleire gjenstandar derifrå.

Same kveld hadde politiet eit vitne med til den moglege åstaden. Vitnet peikte og forklarte seg til politiet. Tidlegare på ettermiddagen hadde politiet sperra av eit anna område og sett opp eit telt like ved E39 ved Statoil.

Alle sperringane i sentrum er i dag fjerna.

Ann Mari Bjørlo er oppnemnd som jenta sin bistandsadvokat. Ho har enno ikkje fått møtt klienten og vil ikkje la seg intervjue førebels. Utover det veit ho lite anna enn det politiet har stadfesta.