Hopp til innhold

Tre tekne i narkorazzia

To personar har tilstått bruk av narkotika etter ein razzia i eit bustadhus i Årdal onsdag morgon.

Det var tre personar i huset, men berre to som tilsto bruk av narkotikaen.

Den tredje personen hadde ikkje nytta seg av stoffet då politiet testa dei tre. Alle er kjenningar av politiet.

- Det vart også funne 10 gram amfetamin i huset, opplyser lensmann Kristen Olav Grøttebø.

Politiet har avhøyrt dei tre i dag, og ser no på saka som avslutta.