Hopp til innhold

Tre spelarar står over

Tre av dei mest profilerte spelarane står over årets siste kamp når opprykksklare Sogndal møter Ranheim Søndag.

Ahyee Aye Elvis, Even Hovland, Barry Kader

UTE: Ahyee Aye Elvis, Even Hovland og Barry Kader har spelt sin siste kamp i 1. divisjon.

Foto: NRK

Ahyee Aye Elvis, Barry Kader og Even Hovland står alle over kampen på DnB Nor Arena i Trondheim.

Elvis er ute med suspensjon, medan Kader og Hovland slit med skadar, skriv Sogn Avis på nett.

  • NRK gir deg Ranheim - Sogndal direkte på nett-tv og i teksoppdatering minutt for minutt søndag klokka 13.00

Scheel, Valsvik og Øren

Avisa følgte fredagens Sogndal-trening, og ut frå formasjonsøkta på ser det ut til at Isak Scheel kjem inn på midtbana, mens Gustav Valsvik får fornya tillit i midtforsvaret. Matchvinnaren frå opprykkfesten mot Fredrikstad, Tommy Øren, tek Kader sin plass på venstrekanten.

For Sogndal er det lite anna enn ære å spele om i Trondheim. For heimelaget er kampen derimot langt viktigare. Ranheim som ligg på kvalifiseringsplass for spel i eliteserien, har berre to poeng ned til ordinær tabellplassering. Derom laga som følgjer bak Ranheim sigrar i siste serierunde, kan tre poeng mot Sogndal vere naudsynt for å berge kvalifiseringsplassen.

Grorud lovar full innsats

Lars Grorud med 1. divisjonspokalen

FOKUS: Kaptein Lars Grorud lovar at Sogndal-laget har lagt opprykksfesten bak seg.

Foto: Arve Uglum

Trass redusert tropp, avtroppande kaptein Lars Grorud er klar på at laget ønskjer å framstå som betre enn i førre kamp. Då var laget alt klare for eliteserien og leverte laber innsats i årets siste heimekamp mot Sandnes Ulf som på overtid tok alle tre poenga med seg til Rogaland.

– Vi var utlada og klarte ikkje å mobilisere skikkeleg til Sandnes-kampen, men slik er det ikkje no. Vi har ei god treningsveke bak oss, og vil avslutte sesongen med stil. Det er ein lang busstur heim frå Trondheim, den vert mykje lettare viss vi har med oss ein siger i bagasjen, seier kaptein Lars Grorud til Sogn Avis.

Han spelar sin siste seriekamp for Sogndal søndag, og går til Brann etter sesongen.