Hopp til innhold

Tre søstre på kvart sitt toppserielag

Komande sesong spelar søstrene Siri, Gry og Line Nordeide Grønli frå Høyanger på tre ulike lag i Toppserien i fotball.

Siri Noreide Grønli, Gry Nordeide Grønli og Line Nordeide Grønli

Frå venstre Siri, Gry og Line Nordeide Grønli.

Foto: Montasje (Peter Tubaas/privat)

Eldstesøster Siri (27) har i fleire sesongar vore godt etablert på topplaget Stabæk. Der sette ho m.a. inn det avgjerande straffesparket då Stabæk vart cupmeister sist haust.

LES OGSÅ: Siri Nordeide Grønli blei den store helten i årets cupfinale

Til LSK og Vålerenga

No har mellomste søster Line (23) gått til Vålerenga, og yngstesøster Gry (21) skal spele for LSK Kvinner (Lillestrøm), skriv avisa Ytre Sogn.

I sesongen som gjekk spela Line og Gry saman i Lindegrud Grei, men dette laget rykte ned, og no har dei meldt overgang til kvart sitt lag i Toppserien.

Alle tre har reist austover i ung alder for å utvikle seg som fotballspelarar samstundes som dei tek utdanning.

– Vil jobbe på

Line er midtbanespelar og flytta frå Høyanger då ho gjekk i andre klasse på vidaregåande skule og melde seg først inn i Asker, seinare gjekk ho til Linderud Grei. No skal ho altså aksle Vålerenga-drakta.

– Det er vanskeleg å seie kor mykje speletid eg får, men eg er innstilt på å jobbe på og utvikle meg, så får vi sjå etter kvart.

Det å spele mot storesøster Siri er ikkje noko nytt for Line, men Gry har stort sett vore medspelar, og komande sesong blir det fire seriekampar med ei søster på motstandarlaget.

– Vålerenga rykte opp til Toppserien i haust, så dette blir spennande, seier Line Nordeide Grønli, som studerer ved sida av fotballspelinga. Ho har teke ein bachelorgrad på idrettshøgskulen.

(Artikkelen held fram under biletet).

Søstrene Siri, Line og Gry Nordeide Grønli

Søstrene Nordeide Grønli har det kjekt saman utanfor fotballbana.

Foto: privat

– God spelargruppe

Gry Nordeide Grønli er yngst av søstrene, er midtstoppar og har valt LSK Damer etter at Linderud Grei rykte ned.

– LSK har ei veldig god spelargruppe og eit godt trenarteam, og eg har lyst til å ta den utfordringa å prøve meg i ein ny klubb. Det er ikkje sikkert det blir så mykje speletid i starten, men eg har lyst til å utvikle meg.

Gry studerer medisin i Oslo og pendlar til treningar og kampar på Lillestrøm, og ho prøver å prioritere både studie og idrett.

– Det blir spennande å møte søstrene mine så ofte i kampar. Til no har eg vore lagkamerat med Line, så det blir litt uvant å sjå henne på andre banehalvdelen.

Siri Nordeide Grønli

Siri Nordeide Grønli.

Foto: Peter Tubaas

– Skal ikkje få slå oss

Storesøster Siri ser fram til å treffe søstrene litt oftare, men:

– Eg har ikkje tenkt å la dei slå oss i Stabæk.

Ho kjenner ikkje til at det er andre familiar med tre søstre som spelar i Toppserien.

– Her i Stabæk har vi to søstre på laget, og eg veit om eit tvillingpar i Fløya i Tromsø.