Hopp til innhold

Tre sølv og to bronse i Nordisk

Vektløftarane til Tambarskjelvar henta heim fem medaljar frå helgas nordiske meisterskap i Stavanger.

Vektløftarane og Gunnar Reiakvam frå Tambarskjelvar

MEDALJAR: Trenar Gunnar Reiakvam (i midten framme) er godt nøgd med fem medaljar frå den nordiske meisterskapen i Stavanger.

Foto: Privat

Det var stilt store forventingar til Sindre Rørstadbotnen, men den talentfulle Naustedølen nådde ikkje heilt opp i søndagens konkurranse.

– Han måtte ha 162 kilo i støyt på siste forsøk. Han er rimeleg i slag, så det burde gått bra. Diverre bomma han på ei vendinga og gullet glapp. Det er litt irriterande, men slikt som skjer, seier trenar Gunnar Reiakvam.

Sikta mot gull

Dermed måtte Rørstadbotnen ta til takke med 120 kilo i rykk og 157 kilo støyt som teljande resultat.

– Vi hadde sikta oss inn på gull. Då er det litt kjedeleg å ikkje klare å ro det i land. Men svensken var veldig god i dag med 125 kilo i rykk og 156 kilo i støyt. Hadde Sindre klart 162 kilo, så hadde det vore personleg rekord, seier Reiakvam.

Siktar mot NM

– Men bevares. Vi har tre sølv og to bronse, så vi skal ikkje vere direkte misnøgde. Alle er inne i ein tung treningsperiode og det er tett med stemne no. Det er lag-NM som verkeleg betyr noko for oss. Det er fem veker til og då skal vi vere i form, held han fram.

I tillegg til Rørstabotnen, tok Jantsen Øveraas sølv laurdag med 96 kilo i rykk og 160 kilo i søt. Det er personleg rekord med eitt kilo i begge disiplinar.

Tore Gjøringbø kom heim med bronse.

Første internasjonale medalje

Reiakvam let seg imponere over jentene Sunniva Bruland og Marit Aardalsbakke som sikra seg høvesvis bronse og sølv.

Bruland sette personleg rekord i rykk med 52 kilo, medan ho også fekk opp 61 kilo i støyt. Aardalsbakke tok sølv etter 58 kilo i rykk og 75 kilo i støyt. Rykket tangerte hennar personlege rekord, medan ho persa seg med fem kilo i støyt.

– Eg håpa på så pass på tyngde, men plasseringa var eg ikkje trygg på. Men eg er nøgd, seier 19-åringen etter å ha teke si første internasjonale medalje i vektløfting.

Friidrettsutøvar

Aardalsbakke kombinerer vektløfting med friidrett, der ho driv med friidrett. Gjennom styrketreninga på vinterstid, kom ho inn i vektløftarmiljøet i Naustdal.

– Ho som vann var suveren i dag. For å seie det slik, ho hadde meir i rykk enn eg hadde i støyt, humrar ho.