Ulukka skjedde litt før klokka halv ni om kvelden. På ei rett strekning kolliderte to bilar. Tre personar vart sende til sjukehus. Politiet opplyser at dei mistenkjer føraren av den eine bilen for å ha køyrt i påverka tilstand, og det vart teke blodprøve av han. Ingen av dei tre som vart sende til sjukehus skal vere alvorleg skadde.
To ulukker
Berre ein halv time tidlegare på kvelden hadde to bilar kollidert nokre få hundre meter unna. Det skjedde i eit kryss ved den nye brua mellom Vie og Kronborg. Ein person vart skadd i ulukka.
Ulukka på Vie skjedde i eit vegkryss. Alle foto: Torbjørn Fardal