NRK Meny

Tre skadd i trafikkulukke

Ein bil med tre personar har køyrd av vegen på fylkesveg 609 ved Ulltang i Førde. Dei tre i bilen vart lettare skadde og er køyrd til legesjekk i Førde, det skal vere snakk om kuttskadar. Operasjonsleiar i politiet, Bengt Ness, fortel til NRK at det ikkje skal ha vore andre bilar involvert i ulukka, og at bilen køyrde av vegen på veg mot Førde sentrum. Politiet undersøker no kva som er årsaka til ulukka.

Første hybridferje er på plass på Anda-Lote