NRK Meny
Normal

Tre sauer drepne av bjørn

Ein slagbjørn herjar i Sunnfjordfjella.

Sauekadaver på Hetlestølen i Gaular.

Bonde Leif Hetle seier han vil ha fellingsløyve på bjørnen som har drepe tre av sauene hans.

Foto: MMS-foto: Arne Stubhaug / NRK

I helga vart det funne to sauekadaver på Hetle i Viksdalen og mistankane gjekk umiddelbart mot bjørnen som er spora i Jostedalen, Fjærland, Haukedalen og Vadheim.

- Bjørnen drep på ein eigen måte. Han går etter brystfeittet og juret, dei blaute delane, seier Ingjald Hauso, i Statens naturoppsyn i Sunnfjord.

Sikker på bjørn

Og Hauso fekk stadfesta mistankane sine då han tok sauekadavera i nærare augesyn måndag føremiddag. Sauene har dei typiske skadene etter å ha blitt drepne av bjørn.

- Viss ikkje dette er bjørn, veit eg ikkje kva det er, seier Hauso.

Etter å ha sett bileta stadfestar også regionansvarleg for Statens naturoppsyn, Sverre Tveiten, at det er bjørnen som har drepe sauene i Viksdalen.

Fann nytt kadaver

Og på veg nedatt frå Hetlestølen i Viksdalen kom bonde Leif Hetle over endå eit sauekadaver som hadde dei same skadene som dei to andre. Han fortel også om mykje uro i saueflokken og at mange lam går åleine utan mødrene.

Hetle seier til NRK at han ønskjer å søkje om fellingsløyve, men at han tvilar på om han får slikt.

Kan få fellingsløyve

Hauso vil no sende over materialet han har samla inn til Statens naturoppsyn. Frå 1. juni er det Fylkesmannen som gjev fellingsløyve på bjørn etter føringar frå den regionale rovviltnemnda. Nemnda gav tidlegare i vår eit betinga løyve til felling av to bjørnar på Vestlandet.

- Eg trur det må gå rimeleg greit å få fellingsløyve då det er observert spor tidleg på året, i tillegg til at den alt no er byrja å forsyne seg av sauene i fjellet. Erfaringane frå 2006 tilseier at det er viktig å gjere tiltak så fort som råd når det no tyder på at det kan vere snakk om meir enn eit streifdyr, seier leiar Norvall Nøringset i den regionale rovviltnemnda på Vestlandet.