– Brannmannskap har kontroll på brannen, og den er så godt som sløkt, seier vaktleiar ved 110-sentralen, Jan Gunnar Holvik.
Brannmannskap frå både Førde og Naustdal rykka ut til grasbrannen ved Herstad i Naustdal.
– Det er eit tre som har ramla over ei kraftline, og det har oppstått ein grasbrann på grunn av dette, seier Nina Andal ved 110-sentralen.
Over hundre stod utan straum
162 husstandar i Naustdal vart råka av brannen og stod utan straum. No er straumen tilbake, melder Sunnfjord Energi.