– Det går ikkje an å sette ord på kor lyst vi har å rykke opp. Vi har prøvd nokre år no, og har vore veldig nær fleire gonger. Det er veldig motiverande og alle er hundre prosent gira for ny kvalifiseringsplass, seier kaptein Maria Ullebust Oppedal.
Laget har lagt bak seg ei tøff kamphelg med siger 38–17 siger over Os søndag og uavgjort mot Stord 19–19 søndag. Fem kampar står att før serien er over, og det er avgjort kven som kan spele om opprykk til 1. divisjon.
– Sjølvsagt trur vi på å vinne avdelinga, men vi må jobbe knalltøft for å greie det, seier trenar Kristinn Gudmundsson.
Tøff motstand
– Eg er veldig nøgd med kampen mot Os, og vi fortente siger der. Vi hadde litt problem i dag og var treige i angrep, seier trenaren.
Førde låg bak med fire mål og måtte kjempe seg inn att i kampen, men etter pause veksla Stor og Førde på å leie kampen med eitt mål.
– At vi har den lagmoralen vi har og klarer å reise oss slik vi gjer, det viser framsteg. Vi skal vere glade for at vi går av bana vår med eitt poeng, i staden for att dei tok med seg to, seier Oppedal.
Avgjerande kamp mot Åsane
Også sist sesong kjempa laget om opprykk, men tapte i innspurten. Etter helgas kampar ligg Førde øvst på tabellen med 31 poeng. Stord har ein kamp mindre spelt og har sikra seg 25 poeng så langt i serien.
– Vinn de serien om de vinn kampen mot Åsane på søndag?
– Vi er ikkje sikra, men vi er nærare då. Vi ligg godt an, men den kampen blir veldig viktig for oss. Åsane har spelt godt i det siste, så vi forventar ein tøff kamp der.