Hopp til innhold

Tre personar til sjukehus etter bustadbrann

Ei vifte på badet skal ha vore brannårsaka, då alle naudetatane rykte ut til ein brann i ein einebustad i Lærdal seint fredag kveld.

Brann lærdal

BRANNBIL: Brannvesenet rykka ut til brannen i einebustaden på Strendene i Lærdal, men brannen var under kontroll då dei kom fram.

Foto: Odd Helge Brugrand / NRK

Det var tre personar i huset då brannen starta, men alle tre kom seg ut. Dei vart køyrde med ambulanse til sjukehuset i Lærdal for sjekk.

– Dei tre var i huset då brannen starta, men i eit anna rom. Dei fekk sløkt brannen sjølv, før brannvesenet kom til staden, seier Odd Arve Solvåg, operasjonsleiar ved politiet sin operasjonssentral i Florø.

I Måløy fekk ein person bot frå politiet, etter urinering på offentleg stad.

– Det er opp til juristen å bestemme kor mykje bota blir på, seier Solvåg.