Hopp til innhold

Tre personar involvert i trafikkulukke

Ein person er sendt med luftambulanse til Førde og to personar med ambulanse til legevakt etter ei trafikkulukke ved Fureneset på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger.

Bilulukke Fureneset fylkesveg 55
Foto: Tipsar

Fylkesvegen er stengt.

Det var klokka 15.04 søndag at politiet på Twitter melde frå om ei trafikkulukke på fylkesveg 55 mellom Balestrand og Høyanger.

– Ulukka har skjedd ved Kvamsøy, opplyste politiet sin operasjonssentral til NRK Sogn og Fjordane.

Dei opplyste seinare at ulukka skjedde ved Fureneset.

Det er to personbilar som har kollidert.

Den eine bilen er ein leigebil. I denne sat det to utlendingar, ifølge operasjonsleiar Odd Arve Solvåg hjå politiet.

Den andre bilen er norskregistrert. I denne sat ein mann. Han er flogen med luftambulanse til Førde sentralsjukehus.

Totalt er tre personar involvert i ulukka.

Alle dei involverte er i 50-åra.

AMK melde at dei sende to ambulansar og ein luftambulanse til staden. Bilbergar er også på veg.

Fylkesveg 55 er stengt inntil vidare.

Laster Twitter-innhold
Laster Twitter-innhold
Trafikkulukke