Hopp til innhold

Tre personar fengsla i tre ulike narkotikasaker

Politiet i Sunnfjord har siste vekene beslaglagd relativt store mengder narkotika og 25.000 kroner i kontantar. Fleire personar kan bli pågripne.

Beslag i narkotikasaker

BESLAG: Politiet har siste vekene beslaglagd større pengebeløp og narkotika i Førde. Tre av sju pågripne personar er varetektsfengsla.

Foto: Politiet

Tre menn er varetektsfengsla i samband med sakene. I alt sju personar er pågripne.

– Vi ser at det i Sunnfjord er marknad for amfetamin, ecstasy, hasj og MDMA. Så lenge marknaden er der, så vil det komme inn narkotika. Då er det å jobbe jamt for å stogge mest mogleg, seier regionlensmann Dag Fiske.

Etablert miljø

Det første beslaget skjedde på ei leilegheit i Førde i slutten av februar. Ein mann i 20-åra frå Bergen har erkjent at han var i tettstaden for å levere narkotika.

Dag Fiske

REGIONLENSMANN: Dag Fiske vurderer ikkje dei tre narkotikasakene som eit teikn på at narkotikamiljøet i Sunnfjord har teke seg opp.

Foto: Erlend Blaalid Oldeide / NRK

Politiet tok beslag i 30 gram amfetamin, 30 gram MDMA-pulver, i overkant av 90 ecstasytablettar og 10.000 kroner.

– I leilegheita var det også tre personar i 20-40-årsalderen, som er knytte til eit etablert brukarmiljø som vi har hatt over tid, seier Fiske.

Mann pågripen på nytt

Før helga vart ein sunnfjording i 20-åra pågripen med 130 gram amfetamin og 15.000 kroner i kontantar. Etter det NRK kjenner til, sat mannen i fjor fleire veker i varetekt i samband med ei narkotikasak. Han vart lauslaten med meldeplikt og rusforbod.

Politiet mistenkjer at mannen over tid har levert narkotika til Sunnfjord og ynskjer å halde på mannen til sakene mot han er avgjorde.

I tillegg er to menn i 20-åra varetektsfengsla i fire veker etter at dei vart stogga med 1,15 kilo hasj i bagasjen. Mennene var på veg til Florø.

Fleire kan bli pågripne

Regionlensmann Dag Fiske seier sakene ikkje har tilknyting til kvarandre, men at alle er sikta for grove narkotikalovbrot. I samband med sakene har politiet, også i andre politidistrikt, ransaka husvære.

Fiske ser ikkje vekk ifrå at fleire kan bli pågripne.

– Alle er kjende for oss frå før, seier Fiske.

– Viser tre så pass store saker på så kort tid at miljøet har teke seg opp?

– Vi har ikkje konkrete signal på det. Det kan vere tilfeldig. Vi har hatt eit godt samarbeid i heile Sunnfjord og med UP-etterretning. Nokre av sakene har vi også jobba lengre tid med, seier han.

Politiet har siste åra gjort fleire større beslag av ulike narkotiske stoff. Likevel ser marknaden ut til å få forsyningar.

– Ikkje tvil om at det er fleire kanalar inn. Med ein marknad som er der, så vil det alltid vere folk som tek over når distribusjonsledd blir tekne, seier Fiske.