NRK Meny
Normal

Store skader på bil og eigedom

To personar stakk i ettermiddag av frå ei trafikkulukke i Leikanger sentrum, og no i kveld har politiet arrestert tre personar.

Trafikkulukke Leikanger

STORE SKADAR: Både på bil og på eigedom, men dei to i bilen stakk av tyder på at dei ikkje er alvorleg skadde, seier politiet.

Foto: Christian Blom

– Vi har funne dei på ei adresse i Leikanger, seier operasjonsleiar hjå politiet i Sogn og Fjordane, Kjetil Drange.

Bilen køyrde av vegen på ein stad som vert kalla fruktlageret i Leikanger sentrum, opplyser Drange. Det var vitne som varsla politiet. To personar stakk av frå ulukka.

– Dei to i bilen forlèt staden utan å varsle politiet. Dei vart henta av ein tredje person med bil, seier Drange.

Både politiet og brannvesenet rykte ut, men då var dei to og fluktbilen allereie vekke. Politiet sette i gang ein aksjon for å finne dei.

– Vi mistenker promillekøyring. Dei er no arresterte og må ta blodprøve. Vi ventar på svar på den og skal avhøyre dei tre, seier Drange.

Bilen er totalskadd og det er også stor skade på eigedom. Men det er sannsynlegvis ikkje snakk om alvorleg personskade

– Dei var ikkje ved verre tilstand enn at dei klarte å forlate staden.

Trafikkulukke Leikanger

STOR FART: Bilen har hatt stor fart då den køyrde av vegen og kolliderte, noko bremsespora viser tydeleg.

Foto: Christian Blom
Laster kart, vennligst vent...
Stor auke i bedriftar som tilbyr opplevingar til turistar
Fotballfeber i Florø før tidenes første fjerderundekamp i cupen
veger, arbeid med reparering etter flommen, hotell, gjestehus, parkeringsplasser med busser, busser