NRK Meny
Normal

Tre partitoppar til leiren i Vevring

Partileiarane i Venstre, SV og Miljøpartiet dei Grøne kjem til Vevring denne helga for å markere motstanden mot gruveplanane i bygda.

Trine Skei Grande klar til kamp

TIL SUNNFJORD IGJEN: Venstre-leiar Trine Skei Grande sist ho var i Sunnfjord og argumenterte mot gruveplanane.

Foto: Per Kristian Grimeland / NRK

Til NTB seier Venstre-leiar Trine Skei Grande at dette er ei av dei viktigaste miljøsakene ved sidan av klimakampen.

– Ein skal aldri, aldri, aldri gi seg i så viktige saker, seier ho.

Alle dei tre partia håpar å vinne veljarar på motstanden mot gruvedrift og fjorddeponi. SV-leiar Audun Lysbakken ser det som eit viktig verdival.

– Greier vi å sjå verdien av andre ting enn pengar, eller skal interessene til eit selskap i Oslo alltid gå føre omsynet til miljøet og folk i distrikta? undrast han.

Leiar Rasmus Hansson i Miljøpartiet dei grøne seier til NTB at dei vil sparke i gang ein valkamp der gruvesaka i Vevring blir eiav dei viktigaste sakene.

– Det er ikkje gruve der i dag, og det har vi ikkje tenkt at det skal bli, heller.

Folkefest og debatt

Laurdag blir det folkefest og debatt på sommarleiren som blir arrangert av Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og Vevring og Førdefjorden Miljøgruppe.

I debatten skal partileiarane Trine Skei Grande (V), Audun Lysbakken (SV) og Rasmus Hansson (MdG) delta, i tillegg til stortingsrepresentant Bjørn Lødemel (H), fylkesleiar Hilmar Høl (Ap), andrekandidat på fylkestinglista Tore Storehaug (KrF), fylkesvaraordførar Jenny Følling (Sp) og førstekandidat Frank Willy Djuvik (Frp).

Statens helsetilsyn har avdekka at fire av fem norske kommunar som blei sjekka bryt lova og gir eit for dårleg tilbod til utviklingshemma.
Første i Norge som har vektløfting som valgfag.