Hopp til innhold

Tre pågripne i narkosak i Førde

Til no er tre personar pågripne i ei stor narkotikasak i Førde. Regionlensmann Dag Fiske seier til NRK at dei reknar med å pågripe fleire i tida framover.

Dag Fiske er ny lensmann i Førde og Naustdal

– STORT BESLAG: Regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord reknar med å pågripe fleire i ei omfattande narkosak i Førde.

Foto: Geir Bjarte Hjetland / NRK

– Det er gjort beslag av sentralstimulerande middel og ein del hasj. Etter vår målestokk er dette eit stort beslag og ei relativt omfattande sak, seier regionlensmann Dag Fiske i Sunnfjord.

I slutten av april vart ein mann pågripen og varetektsfengsla i fire veker. Sidan er to andre pågripne.

– Og vi reknar med å pågripe fleire i tida framover, seier Fiske.

Det står att mykje etterforsking i saka, mellom anna fleire avhøyr av mannen som sit i varetekt. I komande veke skal politiet vurdere om dei skal be om forlenga varetektsfengsling av mannen.