Tre på landslaget

Tre Sogndal-spelarar er tatt ut i U21-landslagstroppen til Leif Gunnar Smerud. Det skriv fotballforbundet på sine heimesider. Spelarane det gjeldt er Kjetil Haug, Ulrik Fredriksen og Tomas Totland. Laget skal samlast på La Manga og blant anna spele treningskamp mot Tyrkia. Totland og Fredriksen har tidlegare vore på U19-landslaget, men er no tatt opp i den nye U21-troppen.

Ulrik Fredriksen
Foto: Sondre Dalaker / NRK