Hopp til innhold

23 omkomne og 1350 skadde under vegarbeid

Sidan 2010 er 1350 skadde og 23 omkomne i samband med vegbygging og vegvedlikehald i Norge. Uakseptabel situasjon, seier vegstyresmaktene.

Søk etter sakna dumperførar ved Eikenes i Askvoll

OMKOM: Ein 25 år gamal mann omkom i ei utforkøyring med dumpers på vegprosjektet Dalsfjordsambandet. Ein av mange alvorlege ulukker i samband med vegarbeid.

Foto: Ole Andre Rekkedal

Berre i Sogn og Fjordane har det vore tre omkomne og nærare 80 skadde under vegarbeid.

– Dei som arbeider for oss skal kome heim igjen utan at dei er skadde eller omkjem under vegbygging, seier Nils Magne Slinde, avdelingsdirektør i Statens vegvesen.

Omkom under skogrydding

Tal NRK har innhenta viser at det sidan 2010 har vore mange alvorlege ulukker i samband med vegbygging i Sogn og Fjordane. I desember 2011 omkom ein mann i Veitastrond under skogrydding i samband med drift av ein veg.

I november 2012 omkom ein 20 år gammal mann på Filefjell etter at dumparen kan køyrde hamna i elva. Entreprenøren er tiltalt fordi det viste seg at dumparen hadde delvis defekte bremser.

Dette er ein uakseptabel situasjon

Nils Magne Slinde / Nils Magne Slinde, Statens vegvesen

– Dette er ein uakseptabel situasjon. Vi reknar den som eig køyretøyet har ansvar for at det er i orden. Dersom vi som byggherre skal inn og kontrollere alle køyretøy og alle maskinar som er på våre prosjekt, så må vi leggje heilt om måten vi driv anleggsverksemd på i Norge. Eg trur ikkje det er realistisk, seier Slinde i Statens vegvesen.

Nils Magne Slinde, Statens vegvesen region Vest

STERKT UROA: Avdelingsdirektør i Statens vegvesen, Nils Magne Slinde.

Foto: Arne Stubhaug / NRK

– Vi har alle eit ansvar

– Så det er underentreprenørane som har ansvar for ulukkene?

– Nei, vi har alle eit ansvar for det som skjer innan anleggssektoren. Vi er byggherre og har det overordna ansvaret. Vi har også ein hovudentreprenør som har ansvaret etter byggherreforskrifta. Det er store prosjekt med kanskje mange hundre personar i arbeid samtidig, og då er det viktig at alle aktørar tek ansvar, seier Slinde.

– Det har vore nærare 80 ulukker med personskade og tre dødsulukker. Tek ikkje Statens vegvesen tryggleiken på alvor?

– Jau, det gjer vi. Vi har jobba aktivt og systematisk med helse, miljø og tryggleik i mange år. Men det er krevjande og vi går no nye rundar med entreprenørbransjen for å prøve å få vekke ulukkene, seier han.

– Rutinane må bli betre

I januar i fjor i samband med bygginga av Dalsfjordsambandet omkom ein 25 år gammal mann etter at dumparen han køyrde hamna i fjorden.

Både entreprenøren og Statens vegvesen er ilagt bøter for sviktande tryggleiksrutinar. Mellom anna så var plassen der dumparen skulle snu for dårleg sikra.

– Ulukka viser at tryggleiksrutinane må bli endå betre. Det er ofte under rutinearbeid at ulukke skjer. Difor vil vi i større grad rette fokus inn mot dette, seier Slinde.

Personskader og dødsfall på veiprosjekt

Type skade

2010

2011

2012

2013

2014

Sum

Lettere og moderate personskader

242

288

284

309

201

1324

Alvorlige personskader

4

7

6

8

0

25

Dødsfall

4

5

4

7

3

23

Sum

250

300

294

324

204

1372

Tala for 2014 er fram til 1. september, med unntak for Geilo-ulukka som er med i talgrunnlaget.